Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
DEN BURTKOMNE FADEREN 367
Men hev du hard Verk i Kropp eller Sjæl, so er ei
Morfinsprøyte betre enn ei Trøystepreike. Det er Raad
for alt; og naar det ikkje er Raad lenger, trengst det
inga Raad."
Segjer Doktaren.
— Og alt vert gøymt og gløymt under den kvite Snø.
XXVI.
Du Gnag der inne, no kunde du lata meg vera i Ro.
Kva vil du? Du piner meg. Kven er du? Er
det gamle Skuggar? Truir som eg hev mana ut or
Minne men ikkje or Blode? Er det Samvit? Sit det
ei Sjæl der inne og græt yvi eit spillt Liv? Aa lat
vera. Kva nyttar det. Alt Liv er spillt. Eller hadde
eg lova noko? Hadde eg bundi meg; er det nokon
som hev Krav paa meg?
Lat meg vera. Eg var den eg var. Kven skulde
eg elles ha vori? Kann ein Morian skifte sitt Skinn
eller ei Flyndre sine Flekkir? Eg var so laga, og so
vart min Lagnad so. Hev nokon Skuld, maa det vera
han som hev skapt meg; men det er ingin som hev
skapt meg. Eg er flötin fram av ein uendeleg Livsens
Straum. Eg er ein Drope; kven bryr seg um Dropen?
Men er det ein som hev noko aa krevja av meg, so
lat han koma. Lat han stige fram og provfeste sine
Krav. Eg tek gjerne min Dom, berre alt gjeng rett
til, og eg fær Greide paa kven eg hev med aa gjera.
XXVII.
Synd?
Aa ja du arme Far. Som fylgjer meg all Tid, i
Dags Tanke, i Nattedraum. Ja, eg veit det.
Men eg var for ung. Eg visste ikkje at eit Hjarta
25 — Garborg. IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>