Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
368
DEN BURTKOA1NE FADEREN
kann lide so. Eg visste ikkje at ein Mann kann døy
av Hugsott. No veit eg det. Er det mi Skuld at det
er for seint?
Og du, Anny. Som reis upp so bleik og gjekk.
Med Taarir som rann. Og det eine stille Ord Farvel.
Og sidan let deg banke ihel av ein cowboy.
Eg veit det, Anny; eg veit det. Eg hev trega det
saart so mang ein vond Dag. Men kva hjelper det aa
trega?
Hu, der er dei. Dei vil fram. Dei trengjer seg
hit. Blodøygde, bleike. Hyss; dei murrar; dei stirer;
dei lyfter Hendane mot Himilen. I Jesu Namn; eg
kann ikkje hjelpe dykk; burt! Det var ikkje mi Skuld.
Eg gjorde som eg maatte. Verdi var slik. Meg og
mine maatte eg tenkje paa; kva skulde eg gjera? Hadde
eg vori den veikaste, so hadde dé gjort det same med
meg.
Daa tagnar dei. Dei veit det. Dei veit at det er
sant. Dei sig inn i sine Skuggar.
Men dei kjem att. Kvar skal eg gøyme meg og
gjera av meg? Hu, desse Mødrane; svartklædde,
saar-grétne, med blaasvelte Ungar. Og der er han. Han
med Blodflekken. Burt! Det var ikkje mi Skuld!
Eg visste det ikkje! Det var business, business! og
kvar maa agte seg. Og den som ikkje er sterk nok,
eller klok nok, han maa svide, kven det so er. Og
den som gjeng under maa endaa vera glad; for den
som vinn maa lide lengst og verst; og der er ingin
Naade lenger. For Faderen er burte; men Helvite
brenn som fyrr med blaae Logar og usløkkjeleg Eld i
vaar eigin Barm.
Hu! Burt!
Fader vaar, du som er i Himlane —
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>