Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
378
DEN BURTKOA1NE FADEREN
Men mykje er der i den gamle Sjælesyrgjarvisdom
som der er Meining i. Bøn, Arbeid, Faste er tri gode
gamle Vaapn; mange vonde Aandir er drivne ut med
deim. Sjukdom og Synd heng so ihop, at Sælebot
vert Helsebot ofte. Ungdomar spyrr meg stundom um
Raad mot den ureine Lyst. Faste, svarar eg; Arbeid,
og naar det ikkje er nok, Faste. Eg hev set støde
Karar vekse etter det.
Ofte trengst det berre eit sterkt Ord av ein frisk
Mann, so gjev Hugsykja seg, og Kruslingen kviknar.
Dette røynde eg tidt. For der er mykje Hugsykje
og Hugløyse millom Folke. Og den gamle
Lækjekun-sten er god for deim som fyrst og fremst treng
Lækjedom paa Viljen."
XXXIV.
„Sjæli." Han talar so lett um Sjæli. Veit han ikkje
at eit Menneskje er ein Samvokstr, ei Uppdyngjing av
Cellur, ein Cellestat, og at kvar Celle hev si Sjæl?
Vaar Sjæl er berre Samspéle av desse Cellesjælir.
Men ein kjem vel like langt med alle vaare Ord.
Me kann segja um Sjæli kva me vil; ho liver sitt same
Liv der inne for det; og Spursmaale døyr ikkje.
Denne Uro, denne Gløding, dette som bivrar og
brenn og skjelv og skyt Gneistar og segjer „eg" ende
inn i Dauden, det er Sjæli, kva me so kallar ho.
Aa du mi arme Sjæl, som veid meg all denne Verk
og Brand. Gjev eg kunde taka deg inn til meg som
ein sjuk Fugl og kjæle for deg og trøyste deg. For
eg kjenner deg og hev vondt av deg, og veit at du
treng Trøyst, og at du elles ingi fær. Gjev eg kunde
leike deg i Logn og kjæle deg trygg, du arme skræmde
Fugl!
Stakkar, som du skjelv; stakkar, som du er ruskin
og ribba. Du flaug for mykje. Du kunde ikkje sitja
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>