Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
388
DEN BURTKOA1NE FADEREN
og Bror min vart ein af dei faarlegaste, um han fekk
Mengd med seg.
Men det fær han ikkje. Svarmingi hans er meinlaus
og mild. Utan for han sjølv; for av seg sjølv krev
han mykje. Han drep seg. Hadde han livt i ei onnor
Tid, so hadde han vori Profet. Folk hadde gjort han
til Messias eller Buddha; og Prestane hadde tynt han,
og sidan skori seg Livebrød av hans Dygdir.
Men Paal vil ikkje vera Profet. Han blandar seg
burt millom Farrar og Kvaksalvarar og Folk med eit
utrygt Ord, og gjev sitt Liv so ingin veit um det.
Dette er sann Kristindom. Men sann Kristindom er
upraktisk Kristindom, som aldri fær Magt.
Men eg saknar Bror min. Eg hev teki til aa faa
Tru paa han. Og der er Frelse i aa tru paa eit
Menneskje.
For trur ein paa eit Menneskje, so trur ein paa
noko som er meir enn Menneskje. Eg tek til aa tru
at her er noko aa tru paa. Noko godt; noko sant;
noko som ikkje er Reklame. Det gode fær han meg
til aa tru paa. Ikkje med Ord, men med seg sjølv.
Og trui paa det gode frelser. „Trur du paa det gode
so trur du paa Gud," segjer Sant Paal.
For er her noko som er godt, noko som gjev seg
sjølv og ikkje søkjer Løn, so er me ovanum Naturen.
Her er eit nytt Rike. Ei høgare Lov. Og daa er
ikkje Verdi det tome gamle Hus lenger, der Ølur og
Ormar slæst, og Rotte og Røys-katt strugglar for Live.
Bror min maa koma att. Di meir eg veiknar, di
meir treng eg han.
XLIII.
Han saag inn-um i Gaarkveld.
Det var Sundag, og for meg heilt Kviledag; eg var
skral og heldt Sengi. Eg lét han forstaa at eg var
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>