- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
391

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

DEN BURTKOMNE FADEREN

391

XLV.

„Som Soli stend og Jordi gjeng, tvert imot det me
ser, so er i høge og høgste Livsringar Sanningi
motsett det som synest.

Eit Barn trur at det naar Himilen fraa næraste Leite.
Den gamle veit at han maa gjenom Gravi fyrst.

Vil du vinne Ros og legg deg ut etter Ros, vert du
til Narr; men gjer du godt Verk og ikkje tenkjer paa
Ros, so veit du kje av fyrr Namne ditt gjeng med Lov
gjenom alle Grendar.

Den som vil vinne eit Kvende segjer ikkje til henne:
du skal elske meg; han segjer: eg elskar deg. Og
han legg seg ut um aa vise henne sin Kjærleik.

Slaa Pengar eller stela Pengar synest den beinaste
Vegen til Rikdom, men er Vegen til aa misse alt.

Kvi Folk er so uglade? Dei gjeng og ventar si
Glede fraa andre. Dei skulde gleda andre; so vart
dei glade.

Me trur paa det som synest og løyp Narr. Me vil
upp i Himilen fraa næraste Leite og vil gaa Snarvegar
til Livsens gode Ting. Men den som gjev, vinn, og
den som tek, misser.

Tena skal den som vil vera stor; men i Verdi vil
alle vera Herrar og vert Trælar. Og i denne Tidi
vilde alle vera like og frie, og vart alle like ufrie.

Og Live og alle gode Ting vart sette upp til eit
Rov for dei sterkaste; difor gjekk denne Tidi upp i
Blod og skal gaa ned i Eld. For Live er ikkje eit Rov
for dei sterkaste; det er ei Løn for dei trugnaste."

XLVI.

Han segjer at dei som ingin Gud hev skal halde
seg til Verdi. Eg spyrr kva dei skal gjera som ingin
Gud hev, og som er ferduge med Verdi.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0403.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free