Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
392
DEN BURTKOA1NE FADEREN
Han lær. „Dei fær samle Frimærke. Men," legg
han til, „ferdug med Verdi er ingin."
Eg meiner at so gamall kann ein bli. Han svarar:
„er du ferdug med Verdi, so er du ikkje gamall.
For ikkje Ungdomen elskar Verdi; den eiskar sin
Draum; og ikkje Manndomen elskar Verdi; den elskar
sin Strid; Alderdomen elskar Verdi.
Verdi som ho er, utan Umdikting eller Draum; Gull
og Magt, Høgd og Glans, Mat og Vin, Kvende og godt
Mak, — det verdslege i Verdi elskar Alderdomen.
Men elskar det med Hat og Hjartans Brand; for han
veit at han er uppsagd. Og han veit, at um Verdi
enno smiler til han, so gjer ho det for Løn; og naar
han tek henne med Magt ligg ho kald i hans Arm:
og ho lær aat hans Elskhug. Daa hatar han henne.
Men ho lær aat hans Håt; og han er bundin i sin
Elsk og sin Aabryskap.
Sæl den som slær upp med Verdi i god Tid! Drygjer
du til ho slær upp med deg, so drygjer du for lengi.
Og naar du kjenner at det vonde Håte vaknar i deg,
det Håte som er umetta Elsk, daa skal du spyrja um
Raad; for daa spøkjer det for deg.
For med dette Håte skal me kje hata Verdi. Me
skal ikkje hata Verdi.
Verdi er god. Um ikkje til aa byggje paa.
Blom i Eng er venare enn Salomon med alle hans
Demantar; og du hev Hugnad av Blomen, naar du
brukar han som ein Blom. Men segjer du: det er ein
Demant; og du legg han i Ringskrine ditt og gøymer
paa han, og trøyster deg til han som til ein Skatt, so
er han visna naar du tek han fram, og du segjer med
deg sjølv: alt er Faafengd.
Men Verdi er ikkje Faafengd, for di um du er eit Narr.
Og fri av Verdi er ikkje den som er ferdug med ho."
„Men eg er ferdug med Verdi."
„Prøv aa gjera deg fri av ho, so fær du kjenne kor
ferdug du er."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>