Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
DEN BURTKOMNE FADEREN 393
„Kva skal eg gjera meg fri av?"
„Hev du kje so mykje som eit Hat?"
Eg tagnar.
XLVII.
„Du talar um Gud som han var din næraste Granne.
Hev du aldri vori i Tvil? Hev du aldri tenkt?"
„Eg hev undrast og spurt," segjer han. „Men der
er gjerne noko i meg som svarar."
„Sæl er du. Men eit Spursmaal vil eg gjeva deg
som det knapt er Svar paa: korleis, kann du tru paa
ein Gud som ikkje er rettferdig?"
„Han hev vori rettferdig mot meg. Hev du noko
aa klaga?"
„Sjaa deg ikring. Sjaa paa Folk. Süme er fødde
gode. Andre vert slengde inn i Verdi med so mykje
vond Hug, og veks upp i so mykje vond Luft, at dei
ikkje kann bli gode. Eg veit sjølv noko um det. Og
sjaa paa Verdi og koss det der gjeng. Dei gode lid
vondt; dei vonde vert feite; Retten maa tegja; Magti
raar. Og der er berre ei Lov: at den sterke ét den
veike. Og endaa trur du paa ein Styrar, ja ein Får!"
„Her er me innpaa dulde Ting."
„Eg bryr meg kje um dine dulde Ting. Eg er ikkje
synsk, og maa halde meg til det som eg ser med mine
Augo."
„Det er sant at ein maa vera synsk. I Verdi raar
Naturlovi. Den rettferdige gjeng under med den
urettferdige, og Soli gjeng upp yvi vonde og gode.
Men Meistaren lserde oss aa byggje eit nytt Rike.
Ovanum Verdi, ovanum Natturi, ovanum det høgste
Dyr, inn-i oss sjølve byggjest det Rike der Rettferd
bur. Der fær det vonde sin Dom og det gode si Løn;
og der finn me Faderen."
Eg tagna og tenkte.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>