Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
41 1
seg at Vegen vaar var rett. Og um me er smaae og
arme og lite magtar: det minste gode som vert gjort,
og ikkje paa Framsyning gjort, legg Meining i Live;
den som berre gjev ein av dei minste ein Drykk
Vatn skal ikkje sakne si Løn. Og Fatigkona som lagde
sine tvo Skilling i Tempelkista gav meir enn nokon
rik; for ho gav alt det ho aatte.
Lat Ljose ditt skine; lat Folk sjaa dine gode
Gjerningar; daa priser dei Faderen; dei ser at det gode er
ikkje berre Snakk.
Teksl: „Hata Far og Mor og Kone og Barn og Bror
og Syster, ja sitt eigi Liv" maa den som vil vera Jesu
Læresvein.
Live er ei Offerferd. For alle. Kvar og ein som
liva skal, um han fylgjer Jesus eller han fylgjer Verdi,
— smaatt um Senn lyt han gjeva upp det eine etter
det andre av det han hadde kjært. Spursmaale er um
Tapi skal vera Tap, eller um ein kann faa gjort deim
um til Vokstr-Vilkaar.
Den eine etter den andre av deim du var glad i
feil burt. Eller kjem fraa deg. Kvar hev sin Veg;
og meir og meir vil Vegane skiljast. Etterkvart er du
glad du kann faa helse paa ein Vén eller Kjenning so
ender og Gong; di meir du eldest, di einslegare gjeng du.
Jamvel Borni dine kjem burt for deg. Kannhende er du
sistpaa reint aaleine. Live sjølv maa du lata til Slutt.
Jesus krev at du ofrar det som elles vert teki, og
ofrar det so friviljugt som du skulde hata det.
Fri-viljugt skal du taka upp den Livsens Lagnad som er
deg sett; for det som vert teki fraa deg er Tap; men
det som du ofrar vert Vinning. I Offere gjev du deg
sjølv, og fær deg rikare att. Ved Tap minkar du; ved
Offer veks du.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>