- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
413

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON 125

41 1

Meistaren. Og han segjer: vil du vera fullkomin, vil
du naa det høgste, so sél alt det du eig og gjev det
til dei fatige; kom so og fylg meg.

Men her er Sveinen bundin : han er rik. Og
Rikdomen held han fast; heilt kann han ikkje fylgje
Meistaren. Han gjeng sorgfull burt.

Nokon Mammonstræl i vanleg Meining er han ikkje;
han er god Israelit og hev haldi Lovi. Men Mammon
er speleg; naar den Stundi kjem daa det gjeld, bind
han den beste. Og for den som daa læt seg binde
er alt avgjort.

Faarleg er denne Heimsens Gud. Det er vanskelegt
for ein rik aa bli frelst; utan Gudshjelp er det
raad-laust som for Kamelen aa koma gjenom Naaleauga;
vera i Mammons Vald er som aa vera seld til den vonde.

Det er ikkje ofte at ungt Folk kjem i hans Vald;
annan Trolldom plar Verdi lokke Ungdomen med. Og
lokke skal ho; Huldreheimen med si Hildring og
Draging er ein Skule; og me treng den Skulen; mang ei
Lekse hev me der aa lære; kvar Lekse heiter ill
Røynd. Og det ein hev røynt, det bind ikkje lenger;
alltid friare vinn ein uppetter og fram.

Men den Mammon fær Tak paa slepp sjeldan laus ;
usæl den som kjem i hans Kløar. Etter Huldreheims
Lov skulde ein vera rikdomsbundin til dess ein sjølv
vart rik; men denne Heimsens Gud gjer sine Dyrkarar
blinde. Ein tykkjer ikkje ein vert rik. Ikkje rik nok;
ikkje so ein kann vera trygg. Kor mykje ein fær maa
ein hava meir; og meir maa hava endaa meir; det ein
hev vunni er Dogg i Sol og ikkje til aa tru; ein kavar
dess meir di rikare ein vert; fær aldri Tid til aa tenkje
paa Næsten. Rein Sjukdom kann Mammonstrældomen
bli. Det hender at rike Folk gjeng og tiggar til sin
døyande Dag; ja det hender at dei ligg og svelt ihel
med Gullposar nedgravne i Sengjehalmen.

Ingin kann tena Gud og Mammon. Den rike
Sveinen heldt Bodi med’ han var ung; daa han kom til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0425.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free