- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
415

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

415

Tekst: Han som fraa Upphave skapte deim, han
skapte deim Mann og Kvinne og sagde: difor skal ein
Mann forlata Fader og Moder og halde seg til Kona si;
og dei tvo skal vera eitt Kjøt.

— — Verdi maa i Ægteskapsspursmaal halde seg
til Moses; hans Skipnad er for dei harde Hjarto. Men
her set Meistaren upp det Ægteskape som han kann
godkjenne.

Det er bygt paa Guds Skipnad og hev tvo Fyrimaal:
Sjølvfostring og Barnefostring. Og det Gud hev
samanbundi skal eit Menneskje ikkje skilja; Far og Mor
stend saman um Arbeide til den nye Ætti er framvaksi.

Aalvor er Ægteskape og ikkje Leik, Hugnad og høg
Glede skiftande med Arbeid og Strid, og stundom med
Sorg og Saknad. Men Vokstr er det for Far og Mor
ikkje minst: i Ægteskape vert dei tvo
Menneskje-helvtine eitt, veks saman til det heile Menneskje. Og
berre det heile Menneskje vinn den heile Livsrikdom.

Me ugifte er Halvmenne: Mannen for seg eller
Kvinna for seg; ikkje veksande Greinir paa Livstrée
med Blomar og Alde, men Kvist som turkar og feil.
Meining fær me i Live vaart naar me nyttar det rett:
ofrar det for Brørane, som mange hev gjort, og som
Meistaren gjorde; og Livsverk er her alltid som krev
slike Offer. Men dei gifte med sine Barneflokkar er
Live sjølv som grønkar og veks. Gifte seg er aa
gange inn i det store Samanheng; gjenom Ægteskap
naar ein Livsens Fullnad.

Difor skal Mannen forlata Far og Mor og samle seg
paa dette Livsens største: aa byggje seg Heim. Og
som Mann og Kvende naar sitt eigi høgste i den
Heimen dei bygde og i Samyrkje der, so byggjer dei
seg ut yvi seg sjølve i Borni; desse veks i den gode
Heimen som i ein Hage, og mognast til Live som
alltid veks nytt.

Den som kjenner seg drivin til Ute-Liv, han kann

28 — Garborg. IV.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0427.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free