- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
426

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

426

HEIMK0A1IN SON

millom dykk skal vera Tenaren dykkar, og den som vil
vera den fyrste millom dykk skal vera Trælen dykkar.

•—■ -— So motsette er Heimsrike og Gudsrike.

Ufred er Live i Verdi. Du skal elske deg sjølv og
hata din Fiende er Grunnlovi der; stor er den som
held Brørar under Herrevelde og brükar Magt yvi deim,
og Fyrstemann den som best kann slaa til seg og mest
leggje under seg; det sterkaste Dyre er den største.

Men Gudsrike er Fred. Du skal unne jamvel din
Fiende som du unner deg sjølv er Grunnlovi her; stor
er ikkje den som tek og krev, men den som hjelper
og gjev; Tenaren og Trælen er stor; han tenar og
trælar av Kjærleik og for Systken; størt er den som eiskar
mest.

Alra-størst er Menneskjesonen, som mest heilt kjende

seg i Samanheng med Ætti.

*



Tekst: Eg er ikkje komin til aa kalle rettferdige men
Syndarar til Umvending.

— — Dei friske treng ikkje Lækjar; den Sonen
som er heime tarv ikkje koma heim. Syndaren, den
burtkomne, han som hev fari villt og sistpaa kannhende
gjeng og gjæter Svin, aaleine og forkomin, det er han
som treng til aa snu, søkje ny Veg, finne heim; og til
aa rettleide slike er Meistaren utsend. Han veit at
der er meir Glede i Himilen yvi ein Syndar som snur
enn yvi ni og niti rettferdige; det er for den
heimkomne, Faderen held Gjestebod; han veit, at lengi nok
hev Stakkaren havt det vondt.

Dei rettferdige er ikkje dei sjølvrettferdige; kvajesus
meiner um deim fær me vita i Sogo um Farisæaren
og Tollaren i Temple. Der stend Farisæaren og
hyggjer seg med si Rettferd; med honom er det daa ikkie
meir; han maa vera for den han er. Men Syndaren,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0438.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free