Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
433
„Manndomen er Sambande. Den Vaksne arbeider
med Ungdoms Varmhug paa sitt eine, men ser dette
eine i alltid klaarare Samanheng med det andre; liver
i sin Kvist, men kjenner seg i Samvokstr med Grein
og Tre; Vokstr-Krafti som kjenner og godkjenner
Vokstr-Lovi, det er Manndomen.
„Den vaksne minnest Ungdomen og skynar
Alderdomen ; Vaksnetidi er Sumaren, daa Vaaren mognast
og rekkjer Hausten Hand. Og naar frisk Ungdom
gjenom sterk Manndom hev naatt sin gode Alderdom,
daa ser Menneskje ut yvi Livsvegen sin og vinn
Klaarleik. Daa opnast den nye Eden, der Barne Sæle
gjeng saman med Ungdoms Framhug og Manns
Stød-leik med Alderdoms Visdom; alt skynar ein daa, og
helsar med Ro den komande Vinter.
„Og Jesu Svein vinn seg meir og meir inn i det
fullkomne Paradis, Gudsrike."
III.
Jesus er ein faarleg Mann enno; det er ikkje ofte
eg vaagar meg aat Kvernhusheidi.
Kapellanen hev alt eit Par Gongir spurt etter, um
eg hev fengi Greide paa Kristindomen hans Paal. Eg
svarar, at enno kann eg ikkje anna finne enn at Paal held
seg til Skrifti. Men Kapellanen er ikkje nøgd med
det. „Mormonerne holder sig ogsaa til Skriften,"
segjer han; „Spørgsmaalet er, om man holder sig til
Skriften i dens Sammenhæng." „Det er ikkje
Læresetningar han set upp," svarar eg; „han legg fram
Kravi til eit kristelegt Liv ; det er det han treng mest
til aa minne seg sjølv um, segjer han. Noko i Trui
som skulde vera gali hev eg enno ikkje fengi Tak
paa; men er det der, so kjem det vel fram ein Gong.
Elles," legg eg til, „gjeng eg ikkje so ofte paa Møti
hans no; der er fleire i Skulekrinsen som ikkje likar
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>