Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
434
HEIMK0A1IN SON
det." „Ja det bør De tage Hensyn til," segjer
Kapellanen.
Det verste er at han hev Rett. Ein Tenar er ikkje
fri Mann, minst ein Tenar i det aandelege.
Presten er ikkje heller fri. Ja han er meir bundin
enn eg, av di han hev meir aa fyri svara.
Di meir eg tenkjer paa det, di meir skynar eg, at
eg sjølv laut taka det som Presten, um eg var i hans
Stad. Um ein so berre vil tenkje paa det „jordiske" :
skal ein liva av aa vera Tenar, so maa ein stelle seg
so, at ein hev Tillit hjaa sine Fyrisette; og daa maa
ein baade liva etter Rituale sjølv og sjaa vel etter deim
som ein hev under seg. For Prestane er det verst;
det jordiske og det himilske vev seg so ihop for deim;
baade Trui og Live hjaa sine Undermennar maa dei
agte paa; ein Skulemeistar som tenkjer, han vil vera
reint uhugleg aa hava i Prestegjelde sitt. Helst um
han gjev seg til aa høyre paa Jesus, som liksom skulde
vera Meistar for Presten au; daa vert alt utrygt. Og
daa gjeld det for Aalvor aa minne um „Skriften i
dens Sammenhæng", eller um det, at der er fleire i
Skrifti aa høyre paa enn denne eine.
Dei talar um at Trui skal vera fri Sak; Trui vert
ikkje fri Sak utan for eit Faatal. Vanlegt Folk hev
ingi Tru sjølve; dei trur som andre; held seg til den
Trui som er godkjend, den som Folk flest held seg
til; og so maa det vera; der er ikkje Raad med det.
Prest eller Skulemeistar hev daa ikkje anna aa gjera
enn aa leggje fram den aalmenne Trui, Samfundstrui.
Hans eigi Tru fær vera hans Sak; i sitt Arbeid maa
han halde seg til Katekisma eller gaa sin Veg.
Gaa skulde eg for min Part helst vilja, um eg elles
er giad i mitt Skulearbeid. Meir og meir tenkjer eg
paa den Vollen og den Myri som Bror min vil selja
meg; Vilkaari er ikkje urimelege. Og me kunde
hjelpast aat, eg og han, so me greidde oss baae.
Berre den er fri som er sin eigin Mann. Og so
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>