- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
436

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

436

HEIMK0A1IN SON

nedsona, so han kunde „koma heim att" ender og
Gong; han var lettbedin som han plar vera. Og so
hev det laga seg.

Det lagar seg alt for han Paal, av di han tek det
med det gode. Lesarane hev nok drivi paa og
fordømt han. Men meir og meir viste det seg, at det
ikkje hadde „ legi noko attum", den Gongen han skiide
Lag med deim. Gaava hans til dei fatige kjem visst
au vel med. Og det som verre er: han svarar paa
vondt med godt; er deim til Hjelp naar han kann.
Og aa svara paa godt med vondt vil vel ikkje falle
seg i Lengdi for dei heilage heller. Det hev daa stiina
med Staake etterkvart; dei gamle Domane um
Farisæ-aren i Kvernhusheidi høyrer ein mindre til, og minst
her i Bygdi. „No hev eg heller for lite Motgang enn
for mykje," segjer Paal.

Sin gamle Vén Jens Eide, Lensmannen, er han au
komin i Lag med att. Uvenir hev dei ikkje vori;
men i den Tidi Paal var Lærar, Lesar som me no helst
segjer, kom dei fraa kvarandre. Dei heldt nok ihop
naar det galdt paa; soleis var det visst Jens — og Tore,
Bror hans — som gjorde mest til, at Paal slapp so lett
ifraa dei Ulvane som var etter ’n, daa dette vonde med
Kona hans hadde hendt. Men Jens hev vel ikkje lika
den nye Kristindomen hans Paal stort betre enn han
lika den gamle. Dei høvdest stundom; millom anna
veit eg at Paal laante Bøkar hjaa Jens; men elles gjekk
dei kvar sine Vegar, alt til ifjor, daa Paal misste
Bror sin.

Daa turvtest det Lensmannshjelp til aa greide med
det som etter var; og Jens og Paal møttest ofte. Baade
i Kvernhusheidi — der Enkja fraa Bø og Einar, Son
hennar, au var med ein Gong — og paa
Lensmanns-garden. Og no raakast dei visst rett som det er.

„Det er ein gjæv Kar, Jensemann," segjer Paal. No
sist rødde han mykje um han; fortalde um gamle
Dagar og det som hadde skilt deim aat daa; „men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0448.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free