Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
437
no," sagde han, „hev me lært mykje baade han og eg,
so at med alt som skil kann me semjast um mangt."
Og han heldt fram: „Jens var meg alltid ein god
Mann. Ikkje minst maa eg minnast den Tidi daa
Heimen min brotna og alt ikring meg syntest ramle;
Vérbrørar flest hadde skilt Lag daa; og det hadde vori
Rett; for større enn eg sjølv skyna var Syndi mi.
Men so svart som alt saag ut: Tore og Jens trudde
meg; og eg hev sidan lært aa sjaa, kor mykje det
gjorde til aa halde meg uppe. Sjølv hadde eg helst
teki Straff; jamvel rangvis Straff hadde vori meg ein
Lette i den Tid. Men etter det som serleg Jens og
Tore lagde fram vart der inkje Tak aa faa; og Straffi
hev eg sidan fengi taka av den høgste Hand, so som
nok best var. Og takksam maa eg vera for so trugne
Vénir."
Eg saag at det var best aa koma innpaa eitkvart
anna no; han vert so stur i Augo Paal, naar han
minnest denne myrke Tidi. „Tenkte han ikkje paa
Storthinge ein Gong, Lensmannen?" spurde eg.
„Det veit eg ikkje," svara Paal; „den Gongen vilde
han havt meg paa Thinge. Han so vel som Lars
Nordbraut og dei, um elles paa andre Grunnar: eg
maatte kunna føre Bondesaki fram, meinte han. Det
kom reint paa Tverke for Jens, daa eg ikkje kunde
vera med paa dette."
„Det var Sakfører Rabbe som vart vald i Staden?"
„Nei; han kom sidan. Fyrst valde dei inn Presten
Braut. Han var daa au Bonde paa ei Vis."
„Ja-ja," sagde eg; „dei høver vel ikkje verst dei tvo:
den eine halvt vinstre og den andre halvt høgre?"
Dei greider det betre enn eg hadde gjort," svara
Paal; „men den Dagen kann nok koma, daa Jens Eide
bør paa Thinge."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>