- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
438

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

438

HEIMK0A1IN SON

Bygdi driv paa med sitt: Paal skal bli Herre paa
Höve att. Gunnar hev lati Lensmannen setja upp eit
Testament, segjer dei; og det gjer Paal til Erving etter
Gunnar, paa Vilkaar av at han gifter seg og kauper
att Farsgarden. Og vil han ikkje det, so skal Einar,
Systerson hans, faa Pengane, um han vil taka Höve.

Men at dette er Drøs og Dikt er Gudleik stød paa;
og han kjenner Paal. Hev fylgt han i alle Aar som
ein Svein fylgjer Meistaren. Og Gudleik kann ein tru
paa; han segjer ikkje anna enn han veit.

Stillfarande hev han visst alltid vori. Men det stille
Lage fekk reint Magti daa han misste Evelinde; henne
hev han vori svært glad i.

Men korleis det kann ha vori med henne?

Dei livde godt ihop. Og det Orde som ein Gong
hadde vori uppe um henne og Paal, døydde snart av
att. Lengi fekk ikkje Gudleik hava henne; ho døydde
paa Barnseng eit Aars Tid etter Bryllaupe; og anna
enn godt var aldri aa høyre etter Evelinde.

Men dermed er det ikkje sagt at alt var greidt.

— „Paal gifter seg vel ikkje no, so vidt upp i Aari
komin som han er?" spurde eg.

„Paal gifter seg ikkje," svara Gudleik.

„Minne um Helga er kannhende au i Vegen?"

„ja; han hev endaa fengi Bod fraa Helga."

„Böd, segjer du?"

Gudleik tagde eit Grand. So riste han paa Hovude;
„dette skulde eg ikkje sagt."

„Du kann vera trygg; det skal ikkje koma lenger.
Men Böde du nemnde —?"

„Ja naar eg hev sagt so mykje -—. Det var so, at
daa Evelinde laag paa det siste, daa saag ho Helga
Hove ein Gong."

„Saag henne?"

„Ho stod fram-fyri Sengi hennar ei Natt; Evelinde
saag henne tydeleg."

„Det var eit Böd ho kom med?"

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0450.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free