- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
441

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

441

syter dei og svelt; er dei rike syter dei og for-ét seg.
Og ét upp for kvarandre, og snyter og stel fraa
kvarandre, og er æveleg utrygge. Dei veit, at kor mykje
dei samlar, so vert det Ende paa alt; men dei fatige
hermer etter dei rike so langt dei rekk; sidan lid dei
Naud, eller freistar aa taka seg til Rettes.

Sut og Ufred hev Verdi stødt, med alle sine Matberg
og Gullhaugar. Og Ufreden varer og veks; og Rike
etter Rike sig i Jord, alt til dess Verdi ein Dag lærer

aa bøygje seg for Guds-Lovi.

#

Tekst: Heidra Far din og Mor di!

— — Med dette Bode fylgjer ein Lovnad; der er
liksom sett Strik under det; vil eit Folk liva lengi og
vel, so maa det gjeva serskilt Gaum etter Böde um
Ættesamanheng.

I Jesu Tid hadde dei Skriftlærde gjort det til inkjes
for si Fyrisetning Skuld; ein Son kunde gjeva Temple
det Foreldri skulde hava, og gjorde daa ei god
Gjerning. Men Meistaren minner deim um, at Guds Bod
er yvi Menneskjebod. Dette høyrer dei ikkje paa; og
snart maa han daa felle Domen: Huse deira skal
øydast for deim. Misser Heimen si Magt i eit Folk,
so hev Folke dermed dømt seg heimlaust.

I vaare Dagar stend det knapt betre til. Foreldri
vert meir og meir avsette; ja dei driv paa og sét seg
sjølve av.

Serleg fort gjeng det i Byane. Foreldri fær annsamt
med sitt og sét Borni paa Skule; paa Skulen fær Borni
annsamt med sitt og kjem burt fraa Foreldri. Det er
Grunnmuren som sviktar; meir og meir sig Heimen
sund.

I Staden kjem Samfunde. Det tek til med
Sam-fundsskulen for dei unge og endar med Samfundskassa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0453.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free