Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
444
HEIMK0A1IN SON
god Folkeskikk sjeldan gløymd; den Maaten maa me
faa upp att. Elles vert me snart gamle alle.
Det vart Ordskifte um dette; ikkje minst kom
Spurs-maale um Ungdomen upp. Eg studde under det Paal
hadde sagt som eg kunde best; „det vert snart det
vigtigaste for ein Lærar aa vera ein god Leikar no,"
sagde eg; og ho Elen Ramstad — som er gift med
ein Lesar og ikkje ofte vaagar seg aat Kvernhusheidi
— heldt med meg i dette. Andre rødde um den
Villskapen som gjerne vil upp naar Ungdom held Lag;
men Paal heldt paa sitt: „det stygge kjem, naar Leiken
maa halde seg fraa Ljose. Lat gamle og unge halde
Lag; so kjem god Folkeskikk til Ære att!"
Han Aasmund i Aasebröte, „Austlendingen" dei kallar,
var helst rædd Fela. „Me hadde ein Spélemann i vaar
Bygd," fortalde han, „som var so glup, at dei meinte
han hadde lært av Fossekallen. Og i alle dei Lagi
der han spéla var det som den Vonde var laus; det
vart Slaasting og Knivsbruk og alt som fælt var. Og
dei meinte han var laus au, Styggen; han sat i Fela,
trudde dei. Og det held eg ikkje urimelegt." Eit
Par av oss lo; andre var svært aalvorsame.
„Det er ein gamall Tanke at det vene høyrer den
Vonde til," sagde Paal; „men nokon Jesus-Tanke er
det ikkje. Det stygge og vonde høyrer ihop; med
vent fylgjer godt; den Gode er Upphav til det fagre.
Vert nokon drivin til vondt av Felespel, so hev han
det vonde i seg sjølv og tarv ikkje sKulde paa Fela.
„Det er Gud aa takke at Verdi er ven; me skal kje
gjeva hin Mannen Æra for den Ting. Berre sjaa utyvi
Bygdi no Ettersümar Dag, naar Lyngen blømer og Aakrane
gulnar og Engine ligg avslegne; sjaa paa Raunen med
sine Bær og Apalen med sine Eple; eller paa Have
som blenkjer og blaanar, eller paa den klaare høge
Himilen; Gud er i alt dette, Aasmund. Den Vonde
høyrer til i Helvite han; og der er ikkje vent."
Aasmund var so rimeleg som han kunde; det vene
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>