Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
446
HEIMK0A1IN SON
Men det fagre er Paradis-Minningar som me ikkje
skai drive fraa oss; og Gudsdyrking er det aa gleda
seg i Guds Verk."
*
Eide-Karane var i Kvernhusheidi sist. Samrøda kom
inn paa Vilkaari for Bonden no for Tidi.
Eg nemnde det Drøse som gjeng i Bygdi um Paal
og Hove-Garden; det lo Paal aat. „Ein Gong," sagde
han, „baud eg Bror min aa vera Dreng paa Hove, i
Fall han vilde vera Husbond; det laut vera noko paa
den Maaten, um so var." Gudleik saag paa meg og
nikka.
„Du kunde visst trygt vera Husbond au no," smilte
Jens; „det vert so mange Tyngslur paa Jordi, at for
glad i ho vert ingin."
„Dei vil fraa Jordi alle no snart," lagde ein
Unggut inn.
„Kvar skal Ungdomen av?" sagde Tore Eide; „paa
Skulen veks han upp, og kjenner seg snart ingin Stad
heime; og Jordi vert meir og meir Handelsvare; gjeng
fraa Eigar til Eigar som ei Klokke eller ein Hest. Den
Dagen kjem, daa Bonden trælar for Pengemagti mest
som Verksarbeidaren."
„Der er nok av Bøndar som er Banktrælar alt,"
sagde Jens.
„Friare enn Embætts- og Umbotsmennar er likevel
Bonden," meinte eg.
„Aa ja," svara Jens. „Han heng ikkje nettupp i
Klokkesnori. Men meir og meir heng han i sine
Bankterminir; og naar dei vert mange nok, so er ikkje
dei betre."
„Naar dei vert mange nok vert han utkasta," sagde
den unge; „men Embættsmannen sit, so lengi han
ikkje beintfram bryt Lov og Rett; han hev det tryggare."
„Du skal sjaa det er betre aa vera Dreng enn aa
vera Husbond no," smilte Paal.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0458.html