Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
447
„Ja det er det det er," sagde Lensmannen. „Drengen
hev si faste Løn og er trygg paa sitt, so lengi han
ikkje bryt Kontrakti; men Husbond maa taka Vilkaari
som dei kjem; og vert dei for stride, so vert han
ut-hivd som ein annan Bankerottspelar. Det var i gamle
Dagar at Bonden sat paa si Tuve trygg, — daa Jordi
høyrde Ætti til."
„Og endaa er det snart ingin som vil vera Dreng
heller," sagde Tore.
„Tru det er kje helst denne nye Skulen som er
Skuld i slikt?" spurde han Aasmund i Aasebröte; han
saag paa meg.
„Skulen gjer sitt," sagde eg. „Og det um
Skule-meistaren strævar imot det beste han kann. Det er
det, maatru, at Landsskulen fyrst og fremst skal skaffe
Bymannen billege Krambugutar.
„Men andre Ting hjelper til," heldt eg fram. „Som
no dette, at Byfolk ligg paa Lande um Sumaren og
„hviler" midt i vaar stridaste Arbeidstid; og dette
gjeng Landsungdomen og ser paa, og trur at soleis
hev Byfolk det alltid. So vil han til Byen og faa det
soleis han au; kven kann undrast paa det?"
„Ungdomen maa til Byen og lære at han hev det
best paa Lande," sagde Paal. „Men her paa Lande
maa me lære Guds Lov um Jordi; lærer me den, so
misser baade Byen og Banken si Magt, og Bonden
kjem til aa sitja paa si Tuve trygg som i gamle Dagar."
„Guds Lov um Jordi vinn nok upp att," meinte Tore;
„der er Teikn til det alt no, trur eg. Men fortel oss
um Jordlovi fraa Bibelen, Paal; det var visst i
Grunn-dragi den som galdt her au fyrr i Verdi."
„Du maa kje tru," sagde Paal, „at eg hev visst
meir um den bibelske Jordlovi enn du; i slikt held
dei skriftlærde seg til dei rettslærde. Og dei
rettslærde held seg til Rom; me er Heidningar her heilt ut.
So raadspurde eg Meistaren. Han sagde: Moses og
Profetane skal gjelde til Gudsrike kjem; hald deg til
30 — Garborg. IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>