Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
448
HEIMK0A1IN SON
Moses i slike Spursmaal. Eg gjekk til Moses; og der
fekk eg Upplysning.
„Jordlovi hjaa Moses er bygd paa Brodertanken; og
denne Israelslovi hev Jesus gjort til aalmenn Lov. Det
er daa den me maa halde oss til, og ikkje til
Romar-retten.
„Hjaa Moses og Jesus er Grunnkrave det same i
Samfundslovi som i Moral-Lovi: du skal elske din
Næste som deg sjølv. I Samfundslovi er Krave soleis
ordfest: du skal ottast Gud og stelle deg so, at Bror
din kann liva med deg. Men skal me liva med
kvarandre som Brørar, maa me alle hava det me skal liva
av; alle maa hava Jord. Det er daa
Samfunds-Grunn-lovi: Jordi er for alle.
„Jordi høyrer Herren til; Faderen er Eigar; av
honom hev Brørane fengi Jordi i Leige; dei skal skifte
ho millom seg so, at dei kann liva med kvarandre
som Brørar. Ingin hev Ser-Rett; og ingin hev
Mindre-Rett; alle Borni hev kvar sitt Rom ved Borde i
Fader-huse.
„Tek nokon meir Jord enn han treng, so forbryt han
seg, mot Faderen som mot Brørane; men den som driv
Handel med Jord, tek Pengar av Brørar for den Jordi
Faderen eig, han er Varg i Veum. Og han er
Draaps-mann. Stengje eit Menneskje av fraa Jordi er som
aa stengje det av fraa Luft og Sol; alle dei Armingar
som ligg i Vegar eller paa Bygatar og svelt, skal vitne
mot Jordherre-Kain paa Domedag. Ser-Eigedom til Jord
er i klaar Strid med Guds Lov.
„ Ikkje alle Villmannshaattar var yvivunne paa Mose
Tid. For dei harde Hjarto Skuld vart daa Serlovir
gjevne til Naudhjelp; ei slik Serlov gav Moses um
Hjelp for Kravshavarar i Gjelds Tilfelle. Sjukdom eller
Vanhøve kunde tvinge ein Mann til aa laane; og Lovi
kravde av dei velhaldne aa gjeva slike Laan, liksom ho
i det heile kravde Miskunn og Brorhug; men ikkje meir
daa enn no kunde ein lite paa at alle vilde hjelpe ein
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>