Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
458
HEIMK0A1IN SON
Fugl og Blom. Og Gud Herren sjølv gjeng skapande
gjenom Hagen din ; daa veit du at du er heime; daa
kjenner du at du er Son; der er Glede og Gjestebod
kvar du kjem ; i Tre og Luft spelar det og syng; og
som ein Dans gjeng Arbeide, kor tungt det er.
„Og Rudningsmann er du for Liv og Vokstr Dagen
lang. Kvart Tak du tek og kvart Fræ du saar, for
Bløming og Mogning brøyter du Veg; men Møde og
Motbør lærer deg Tolmod.
„So kjem den arbeidstrøytte Kvelden med dei tunge
Stig og den bøygde Rygg; daa er Samvite godt og
Kvila kjær; og den Svevnen du nyt er Himilrike. I
Otta vaknar du nyfødd og veit knapt av at du sov; og
til Arbeide hastar du paa nytt som eit Barn til sin
Leik ; det er kvar Morgon nytt liksom Guds Miskunn.
„Bonden slit. Men Jordi, Mor hans, gjev ’n alltid
ny Kraft; og skaparglad liver han i eit Arbeid som det
alltid gror etter."
„Berre sæle er ikkje me Jordarbeidarar heller," sagde
eg ein Dag. „Sjaa no all denne Stakkarsdomen som
gjeng her og bed seg, og som me ikkje kann hjelpe;
ein vert baade arg og leid av aa sjaa paa slikt."
„Det lyt me finne oss i," svara Paal. „Og Fanten
fær me føde so lengi me éi han."
„Me éi han so lengi me føder han au," meinte eg.
„Det er ein Tulle-Ring me er komne inni, ja. Men
enno skal me ikkje klaga, Haavard.
„Det gjeng betre enn ventande. Gamall Folkeskikk er
seig. Um me aldri so mykje veks upp i den Trui at
det er storkarslegt aa inkje gjera, so sit Fedra Visdom
under som eit Samvit likevel: blodut er Hjarta i den
som skal tigge seg Mat; sjølvberga er best farin.
„Men me er i ei Nedgangstid; mykje dreg den galne
Vegen. Dyrt vert det aa liva ; og Folk veks upp paa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>