Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
460
HEIMK0A1IN SON
dei so lengi dei vinn; Ære og godt Samvit er det
største, meiner Folke.
„Stundom kann det knurre for Skattane veks; men
det trøyster seg med, at gjekk Fanten laus, vart han
verre aa dragast med endaa. Og so fær me ein Veg
stundom, eller ei Hamn; ikkje alt som gjeng til Skatt
vert burtkasta.
„Men Fanten hev sitt aa gjera: han skal lære oss
Broderlovi att. Tyngje og elte oss skal han, og vekse
oss yvi Hovude meir og meir, so me sistpaa vert
nøydde til aa hugse gamall Samfundsskikk."
*
Um Sumaren tek Arbeide Mannen sin heilt; det
gjev nok baade for Hovud og Hand; og Kvilestundine
trengst til sitt Bruk.
No letnar det; Seinhausten er komin. Sumaren vart
noko raa, so det stundom var knakje nok aa faa Høye
i Hus; men dess betre gjekk det med Korne og Epli;
klaga fær ein daa ikkje.
Paa „Øvre Haatun" hev eg no vori ei Tid og broti
upp ikkje so lite av Vollen; Bror min var med, og
stundom Son hans au, so det gjekk baade huglegt og
fort. Ein Dag hadde me jamvel Dugnad, og fekk eit
godt Stykke ifraa oss. Og til Vaaren skal han Ola
Bruset i Veg med Byggjingi; eg kjenner meg snart
full Gardmann ! —
— Kveldane lengjest no; det vert meir Innearbeid.
Og det kann vera huglegt. Naar me sit ikring Lampa
og steller med Smaa-Arbeid av ymist Slag, kjem ofte
Gardsfolk inn-um; dei veit at Paal hev Greide paa
mangt; og for meg er det ofte som eg var paa ein
Jordbruksskule.
Sit me aaleine, so kann me hava „Jordbrukstimar"
daa au — det er ingin laak Skule, denne gamle:
Arbeid paa Jordi um Dagen og Samtale um Kvelden um
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0472.html