- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
461

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

461

Jordarbeid —; og stundom kjem andre Spursmaal upp;
soleis süme av mine gamle bibelske.

I Gaarkveld fekk eg Paal til aa greide ut um
„Namnen sin", Apostelen; „han driv svært paa med Trui,
den Mannen," sa eg.

„Han driv paa med Gjerningar ikkje mindre," svara
Paal; „Gud skal gjeva kvar etter hans Gjerningar,"
segjer han Gong paa Gong. Og det han segjer um
Trui er rett; Trui skal du hava hjaa deg sjølv for Gud,
segjer han; men Tru utan Gjerningar er ingin Ting."

Eit av dei Paulusordi eg hev havt mest Bry av lagde
eg fram : ein Gud er det, og ein Millommann millom
Gud og Menneskja: Menneskje Jesus Kristus, som gav
seg sjølv til Løysepening for alle ; og for det vart eg,
Paulus, sett til* Forkynnar og Apostel.

„Her," sagde eg, „forkynner han den vanlege
nytestamentlege Læra, at Gud er ein, og at Jesus,
Me-sias, er Menneskje. Men i süme Apostelbrev vert
Jesus kalla Gud; ja han vert ein Stad kalla „den
sanne Gud", liksom det var Meiningi aa setja han i
Staden for Faderen. Kva skal me tenkje um det?

„Det er Heidningkristindom," svara Paal.
„Heid-ning-Gudane var Menneskje, berre med ei framifraa
Magt; og Menneskje med framifraa Magt vart Gudar,
som Herkules og andre ; ja Keisaren i Rom var Gud,
um han livde aldri so ugudeleg. I Apostelgjerningar
les me um ein Sevs-Prest som vil ofre til Paulus,
daa denne hev heilbrigda ein Mann som var lam i
Føtane; og Jesus hadde gjort større Ting enn det. Ho
voks fram av seg sjølv, den Trui at Jesus var Gud;
heidningkristne Avskrivarar hev reint uviljande ført ho
inn i Tekstane, ved Mislesingar eller Mistydingar som
dei sjølve ikkje hev gaatt etter. Süme hev trutt at
dei hadde sjølve Paal Apostel med seg her. Han
kallar ein Stad Jesus Herren fraa Himilen ; og daa maa
han vel halde han for Gud, hev dei tenkt.

„Men me held oss til Meistaren. Han er spaklynd

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0473.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free