Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
463
lærde oss den femte Bøn i Fadervaar, og som forsikra,
at kvar Bokstav og Tytill av den gamle Pakti skulde
staa til dess Gudsrike kom.
„Det me no kallar Kristindom er i det heile
Paulus-lære, med nokre Tillegg fraa Nikæa-Møte og seinare.
„Paulus tolka Jesu Livsverk paa sin Maate. Dette
lét seg gjera; Sogune um Jesus var ikkje skrivne i
hans Tid. Og av Apostlane fortel han sjølv at han
inkje hev lært; det Evangelie eg forkynner, segjer han
ein Stad, det lærde eg ikkje av noko Menneskje. Han
og dei andre arbeidde kvar paa sin Kant au. Og han
kunde gjerne tala um sitt Evangelium, som han fleire
Stadir gjer; det var eit anna enn det Jesus forkynte.
Men det vart godkjent meir og meir etter som
Heid-ningkyrkja vaks; sümt av det hev au vunni Inngang hjaa
dei jødekristne.
„Soleis Orde um Løysepeningen. Dette Orde hev
smaka mange og vorti spreidt og kjent; süme Stadir
hev det vori teki for eit Jesusord. Men hjaa
jøde-kristne hev det forma seg litegrand um. Etter jødisk
Meining kunde Løysepeningen turvast for Heidningar
og Syndarar, men ikkje for alle, som Paulus skriv;
Løysepeningen for alle vart daa til ein Løysepening
for mange; i den Formi kom det inn hjaa Markus og
Mattæus. Og hjaa deim er det lagt i Jesu Munn.
„Det kann sjaa rart ut, sovori. Men Soningstanken
turvtest. Endaa meir daa enn no.
„Tidfullnaden var komin; ein og annan kunde taka
imot Sanningi. Men Mengdi, Verdi, skyna ikkje Jesu Ord.
„Heidningane hev knapt nok fata Eingud-Tanken
dessmeir; og Israels Allvelduge hev dei vori rædde.
Um Gudane var mange og laag i Strid, so var dei
endaa faarlege; men reint spelegt vilde det vera aa
vaage seg fram for ein Gud som aaleine hadde Magti.
Det hjelpte ikkje at han kalla seg Far; dei strengaste
Herrane gav seg ofte dei venaste Nemne. Ovmykje
vilde ein Einvaldsgud krevja av baade Ære og Ofringar;
31 — Garborg. IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>