- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
465

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

465

er det for honom som for Israeliten aa liva etter Guds
Lov; daa er han trygg paa Rom i det Gudsrike som
snart er ventande.

„Denne Læra gav Heidningane Mod til aa høyre
paa Apostlar og Apostelsveinar. Ho hev sidan vori
stelt paa, og hev trengt Jesu Evangelium endaa meir
til Sides; Offerguden er meir og meir komin i Staden
for Faderen. Men eit stort Framstig fraa Heidindomin
er denne Læra likevel; og endaa ein stor Ting var
naadd: gjenom Pauluskyrkja vart Bibelen berga og dermed
Orde aat Meistaren.

„Det store Fleirtale er Halvheidningar enno: treng
Løysepeningen og Millommannen. Men desse au vinn
Gudsrike, so sant som dei hugsar Böde um
Brorskapen." —

— No skvnar eg at Prestane er so imot Paal. Han
held seg til Jesus og dei til Paulus; og dei bannstøyter
som Paulus kvar som forkynner eit anna Evangelium
enn det dei held for det rette.

Eg vart sjølv rædd, daa Paal strauk Orde um
Løysepeningen. Men di meir eg ser etter, di meir vert det
so: Evangelie um Soningi læt seg ikkje semja med
Evangelie um Faderen.

•n

„Kva Apostlane meinte um Tru og Gjerningar,"
sagde Paal sidan ein Kveld, „det kann me lære hjaa
Jakob, Herrens Bror, ein av dei tri, det fyrste
apostoliske Blodvitne; so skriv Jakob i Breve sitt: Tru utan
Gjerningar er daud; kva gagnar det um nokon segjer
han hev Tru, naar han ikkje hev Gjerningar; kann
Trui frelse honom? Liksom Jesus forkynner han den
kongelege Lov etter Skrifti: du skal elske din Næste
som deg sjølv.

„Og som ein av dei gamle Profetane feller han
Domen yvi dei rike som ikkje brukar sin Rikdom rett.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0477.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free