- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
469

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

469

driv oss i Krig; driv oss inn i den Villa der Brørar
lagar Brørar til Hakkemat.

Verre enn alle Villdyr er Menneskje; Vargflokken
sjølv held seg-imillom Fred. Men Mann drep Mann
og Folk tyner Folk og Rike øyder Rike; Blod fløymer
gjenom Tidine; og di meir me preikar um Kristindom,
di større vert Flaumen.

Men Enden er ikkje enno. Guds-rike kjem; men
fyrst maa Djevelen og Dyre og den falske Profeten
hava si Tid, og alt det andre vonde som er spaatt um.

— „Det vert tala um ein ny Himil og ei ny Jord,"
sagde eg. „Men var det ikkje vaar eigi Jord me skulde
sjaa aa faa Skikk paa?"

„Det er den me skal faa Skikk paa," svara Paal.
„Det vonde skal brenne, bli øydt; og naar det er burte,
so vil ho vera ny, denne same gamle Verdi."

„Himil og Jord skal forgangast, stend det."

„Himilen er i desse Spaadomane Bilæte paa dei
Vondemagtir som set seg i Guds Stad; og Jordi er
Rike aat desse Magtine; baade dei og Rike deira skal
brenne."

„Men Domen?"

„Domen er sjølve dette at det vonde øydest og det
gode vinn. Og Dom skal me halde kvar for seg: gjeva
det gode Magt i vaart Liv og kaste det vonde i
Eld-sjøen. For kvar ein som soleis lærer aa halde Dom
yvi seg sjølv, vinn Gudsrike eit Stig fram-yvi."

Tekst: Menneskjesonen skal koma i sin Faders
Herlegdom, og skal løne kvar etter hans Gjerningar.

— — Myrkt var det for Israel i Jesu Dagar.
Gamalt godt laag nedtraakka under Heidninghæl og
ned-tyngd under Mammonsvald, og vondt nytt skaut upp
og breidde seg kvar ein saag; Folke gjekk framandt i

*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0481.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free