Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
470
HEIMK0A1IN SON
sitt eigi Land; og Armod og Sjukdom og Hugløyse
vaks; berre eitt hadde det sanne Israel aa trøyste seg
med : Voni um Gudsrike.
Gudsrike var den nye Heimsalderen, daa Herrevald
skulde falle og Guds Lov faa Magt. Og no tok Vonir
til aa vakne hjaa mange; han som skulde føre
Messiasstriden og reise Gudsrike, han livde si Prøvings
og Fyriarbeids Tid millom Folke alt. Tanken um dei
Ting som skal hende naar hans store Dag renn, er
daa ofte framme i Jesus-Sogom.
Lengi etter rann det og ein Dag som kalla seg hans
Dag; den kristne Tidi er etter Namne Messiastidi.
Men det var ikkje Messias som kom; det var
Mot-Messias. Folki fekk det verre enn fyrr; og Jesu
Sveinar vart brende. Daa slokna alle gamle Messiasvonir.
Verdi var dømd og i Djevelens Vald ; Gud, Sanning,
Rett fekk aldri Magt der; men det vakna ei ny Von :
den Verdi som brende Guds Born skulde sjølv
brenne.
Og eit nytt Tilvære skulde koma upp; vondt og godt
skulde skiljast aat; høgt upp-i Guds blaae Himil skulde
dei gode liva sitt ævelege Liv, og djupt nede i svarte
Hel vite skulde dei vonde æveleg døy; endelaust skulde
dei brenne i eit endelaust heitare Baal enn det dei sjølve
hadde kveikt aat Guds Born.
Paa denne Draumen liver Folki enno. Og alle Ord
i Skriftine um Domen vert tydde etter den.
Men hugse skal me, at alle dei Ordi som no vert
tydde um Domedag, dei handlar um Messias-Striden
og um det komande Gudsrike.
Naar Messias hev vunni paa Djevlemagtine, so kjem
etter Spaadomane det nye Jerusalem ned fraa Himilen,
og Guds Tjeld vert uppsett hjaa Menneskjom; Guds
Vilje vert Lov paa Jordi; Rett og Brorskap vinn. Daa
er dei gamle Ting burtfarne. Sorg og Skrik og Pine
skal ikkje vera til; sjølve Dauden skal ikkje vera til
meir, — korleis me elles skal forstaa det Orde.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>