- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
471

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

471

Alt no er me i Gudsrike og Fær Løn, eller i
Djevle-rike og fær Straff; sidan kjem me til Paradis eller i
Refsings- eller Skirsle-Elden. Naar Gudsrike er komi,
gjeng dei gode der inn. Alle vinn fram som vil
fram ; og den Sæla dei vinn vert likna med Glede og
Gjestebod. Men dei som ikkje bøygjer seg for Guds
Lov, dei fær ei Straff som vert likna med Myrkr,
Daude, Eld; det er ei Straff som sløkkjer Liv og Livs
Vonir. Og naar soleis det vonde er yvivunni og
ut-reinska, gjev Messias Rike fraa seg, etter Pauli Ord,
og Gud vert alt i alle; hans Rike er komi, og det
Rike skal staa.

— „Det vert stundom tala um æveleg Pinsle," sagde
eg; „kva skal me tenkje um den?"

Paal svara: „Æve-Pinsla, Æve-Elden er det same
som den andre Dauden.

„Æve-Elden," heldt han fram, „vert kalla usløkkjande;
Bilæte er teki fraa den Reinskingselden som brann i
Gehenna eller Hinnomsdalen utanfor Jerusalem. Det
var ein sterk Eld, som brann med Svaavel; han skulde
gjera Ende paa det By-Avfalle som elles hadde vorti
liggjande og rotne ; og der var mykje Avfall fraa ein
so vidt stor By. Gehenna-Elden brann Dag og Natt;
brann æveleg; men det som vart kasta i Elden brann
upp; soleis skal det gaa med Avfalle fraa Jordi; det
skal bli uppbrent, utreinska.

„Me veit ikkje meir um desse Ting. Men det er
nok. For det er ikkje Rædsla for Straff som skal
drive oss til det gode ; daa vart me Trælar og ikkje
Born; Kjærleiken, Hugen til det gode, skal drive oss.
Og Meistaren visste det mange helst vil gløyme: at
Hug til det gode hev me.

„Visst er det, at Gud er Faderen. Han er ikkje
noko Troll som hev Hugnad av aa pine oss; steller
me oss gali, so straffar me oss sjølve; Pinsla fylgjer
alltid laakt Verk. Det er dette Meistaren vil minne
oss um, naar han talar um den Livsspilla og Uhug-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0483.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free