- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
474

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

474

HEIMK0A1IN SON

der er det han raader og styrer. So ofte som han
berre slepp til.

„Det vonde i oss sjølve er han, det jordbundne,
trollvridne i oss, Ormebole og Ulvestogo, Sjølvhug og
Kaldhug og Hemnsjuke og Hat, alt det me maa slaast
med og vinne yvi kvar Dag og endaa aldri er trygge
fyri, — det er Djevelen.

„Var denne Utangen noko for seg sjølv, so hadde
Faderen havt Raad med han for lengi sidan. Men i
oss hev me han ; noko av oss sjølve er han ; det er
det som er so vrangt. Kvar lyt daa fikte med ’n sjølv
so godt han kann ; onnor Raad er her ikkje.

„Kva Djevelen er? Det er ikkje snart sagt. Me
hev mykje i oss av Dyr; naar det vert herdt og kvesst
i Mannavit, so vert det Djevelskap, og den som arg
kann vera; daa er Fanden laus. Me skjemmest av slikt;
Menneskje i oss vil ifraa det, og likar aa hava
Hin-Mannen aa skulde paa; men Dyre og Trolle i oss heng
meir fast ved det vonde enn me vil vera ved; og lett
kann me bli baade Dyr og Troll, um me gjev etter.

„Men helst vil me vera Folk; og so fær me denne
lange og seige og ofte vrange Striden med Djevelen.
Best er det etter mi Røynsle aa ikkje høyre paa han,
ikkje bry seg um han, berre drive paa med det som
rett er; men elles stend den gamle Sanningi fast, at
Gudsord likar han ikkje. Og di oftare me vinn paa
han, di meir veiknar han ; dess meir veks og
Menneskje i oss, Gudsbarne; og sidan eller fyrr kjem den
Dagen daa Djevelen er bundin.

„Men jamvel daa gjeld det aa vera paa Vakt.
Sovnar ein, so kann den Reven snart smette ut av sine
Band; og ein fær daa gjerne eit langt Bask, fyrr ein
er trygg att."

„Jesus sjølv talar um Djevelen," sagde eg.

Paal svara: „det samme gjer me; Folk skynar
betre livande Liv enn daude Tankar. Men det gjeld
at me ikkje driv det for vidt; i ein Heim so storbygd

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0486.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free