- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
484

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

484

HEIMK0A1IN SON

So at um ho er gjevi til alle, so hev ho au nok til
alle; og til fleire og fleire di betre ho vert stelt."

Baard smilte: „De ser fram-yvi, De Morbror. Men
Vilkaari er som dei er. Enno hev me ikkje lært mykje;
og minst veit me um vaare eigne Vilkaar, som De
sagde; ein maa hava rett stor Vidd her enno, skal ein
klara seg. Og aa faa Jordi i Magt, det kostar; baade
Arbeid og Tid og Skillingar kostar det. Men det som
aukar fort, det er Kravi; Krav, Prisar, Utgiftir.
Pengar, Pengar, Pengar maa til; Rentur og Skattar og
Skattar og Rentur maa ein tenkje paa jamt; det lyt
heller gaa som det kann med det Live ein sjølv skulde
liva." „Det er Tevling og Kappsprang i Jordbruk som
i Verksdrift og Handel, Morbror," sagde Einar; „at
ein skal liva av Jordi er snart det minste no; det er
so mykje anna som vert kravt av ho." „Altfor sant er
det," svara Paal; „Mammon legg Jordi under seg som
alt anna. Men me skal halde Mammon fraa oss det beste
me kann; stelle oss so at me ikkje vert berre Trælar."

Eg fekk Lensmannen inn paa den amerikanske
Tanken hans; Paal hev sagt eitt og anna um den som hev
gjort meg forviten. „Etter den," sagde eg, „skulde
baade Jordspursmaale og andre Grunnspursmaal vera
løyste, naar me fekk ein Skatt paa jordi so vidt stor,
at det ikkje lønde seg for Herrar og Spekulantar aa
„sitja ho burt" lenger; kannhende er det den som
skal frelse oss?" Jens svara, at me kom visst til aa
tenkje paa det etterkvart. „Fær me ein slik Skatt,"
sa han, „so vil ingin sitja med meir Jord enn han
brukar ; og daa vert det Jord aat alle som treng. Dei
tjuge Millionane Maal Jord som no ligg burtbundne,
dei fekk me au upp daa etterkvart, skulde du sjaa,
Baard." Det vart eit heilt Ordskifte um dette; og
Jens sagde mykje som eg fekk Mod av. For Bonden
vilde Jordskatten ikkje bli tung. „Han korkje skal
eller tarv vera større enn at Jordi med rimelegt Bruk
lett ber han ; berre for unytta Jord vert han tung; og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0496.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free