- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
10

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kunde kaste si Sorg paa Herren, som hadde Umsut
endaa for Ravneungar. Og som der stod i Forklaring!:
«For hvem sørger Gud allermest? For sine troende
Børn.» Og like eins: «Er der nogen Nytte ved at elske
Gud? Ja, stor Nytte; thi vi vide, at allting tjener dem
til Gode, som elske Gud.» Ja tenk aa hava Gud sjølv
aa forlata seg paa. Tenk aa vera fri all Sut; faa Fred
for all Otte, all Uro ... enno aldri i sitt Liv hadde Enok
havt ein fullglad Dag. Det var ein Ufred han sjølv
ikkje forstod, ein Knute for Bringa som aldri losna;
alltid gjekk han som han skulde ha gjort noko vondt;
som han skulde ha noko aa ræddast fyri; aldri var han
trygg; aldri kunde han setja seg i Ro, ikkje i si eigi
Stogu dessmeir; ja um han kunde tykkjast vera
fornøgd au for ei Stund, i godt Lag eller i friskt Sjau, —
Uroi laag der inne og tærde likeg’odt, so det vart berre
ei Utanpaa-Glede. Og han vart drivin fraa det eine til
det andre i eit Jag utan Stans; alt som var nytt døyvde
for ei Stund, men berre for ei Stund; so kom Ufreden
att, og han var like nære. Aa ja; kva vilde han anna
vente. Den som ikkje hadde Fred med Gud, han hadde
det soleis. Det var kje Under at han var uroleg, so
lengi kvar Stund som gjekk berre førde han nærare og
nærare Helvites Avgrunn.

Merri stana, so han mest datt framstupes; det bar
mot Bakke att, og Brunka vilde hava’n av. Enok steig
av Kjerra og gjekk Bakken. Det var ein godt
midels-høg Mann, akselbreid og velvaksin; han var berleg aa
sjaa og førde seg godt. Men Hovude bøygdest som
under ei Tyngd, og Augo stirde mot Jordi mødde og
fortenkte.

Det hadde vorti so underleg stilt; og det myrkna og
myrkna. Audsleg og tom var Verdi no. Ikkje ein Laat
og ikkje eit Liv. Berre han og den brune Merri hans

10

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free