- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
11

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

midt paa svartaste Heil. «Aa ja, ja; Gud ver hjaa os
... naar det lid til Aften og Dagen helder!»

Dei var komne upp Bakken; han stana og sette seg
paa att. Hyss ... var det so, tru ? — Prrr. Han heldt
Merri og lydde. Ja var det kje mest det han hadde tykt.
Det hadde legi noko under. Det laag gjerne noko under,
naar det vart so stilt. «Soh! gaa no, Brunka», dreiv han
paa; han lika seg ikkje.

Gjenom den daudstille Lufti dura det upp eit Brak,
eit tungt, kvævt Brak, som fyllte heile Kvelven. Det
kom fraa allestad og inginstad, men helst fraa
Nordvest, fraa det aude opne Hyrna der ute, der Lande tok
Ende og Have stod paa, rullande beint inn or
Skoddeheimane uppunder Nord-Isen. Det var som ein Marm i
Lufti, ein lang, døyvd, durande Tone; Have koka upp
fraa sine djupaste Grunnar og reiste seg som til den
siste Strid; Rome skalv i Susing og Angest, i Rædsle
for den komande Vreide og store Undergang, daa Verdi
skal losne i sine Saumar og Jordi søkkje i Have og
Himilen rullast upp som ein Duk.

Det var Havbrak.

Det maatte ha vori svære Uver ute i Have i Natt,
freista Enok aa trøyste seg. Men han kunde kje døyve
si Uro. «Solen skal slukne og Maanen blive som Blod
... og Havet og Vandbølgerne skulle bruse» ... Tenk,
um Menniskens Søn kom no; um Himilen rivna med
Bulder og Brak og den store Basunen glima fram med
sin Toreskrell, so Gravine brast og dei Daude stod
upp...

«Høh! gaa no, Brunka!» Han peiste paa med Taumen,
til han fekk Merri i Dilt. Fælt so smaatt det gjekk; det
var myrke Kvelden alt, og her sat han enno og rikka.
Og no kom denne stygge Grave-Heii...

— Aa nei; Domaren kom kje i Kveld. Det var kje

11

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free