Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
6 000 Aar enno etter Verdens Skapelse; og det var daa,
han skulde koma. Men den som ikkje hadde Gud med
seg var alltid rædd. Øh, gaa no ...
Men umvende seg maatte han. I Aalvors Tale: han
maatte, og han vilde. Det bar kje til lenger aa gange
slik. Kvar Dag kunde vera den siste; og det var kje
sagt han fekk Stundir til aa tenkje seg um daa.
Dessutan, den som stødt og stendigt stod Naaden imot, so
kunde Gud sistpaa trøytne, og so vart ein forherda.
Forherda. Det var slikt eit tungt Ord at Enok fælte.
Nei; i Morgo den Dag. Fyrr Naadetidi var til Endes.
Gud, riv meg kje burt midt i mine Syndir; Gud! ver
meg barmhjertig etter din store Miskundhed ...
Det dura og braka tungt og svært; Enok kraup ihop
paa Kjerra si og smaakulsa. Tenk um Herren kom
likevel! Ingin visste Tid og Time. Og me hadde høyrt
Krig og Rygte um Krig. Og Syndi var so stor, at Gud
visst snart kunde vera trøytt av oss. Tenk, um det alt
skulde vera for seint i Morgo. Saah, Brunka... — Aa
Gud, riv meg kje burt... aa Gud, ver langmodig. Tru
det ikkje snart skulde stilne av att med dette fæle
Brake?
No var han paa Grave-Heii. Her lika han aldri aa
fara so seint. Her var audt og svart og langt til Folk;
baade Fant og anna stygt kunde fara, eller liggje og
lure uppunder dei store Steinane. Det var her han Far
hadde set Dvergar inni ein Haug... gamall Ovtru og
Tøv; men likevel; noko hadde det vel vori. Ingin kunde
vita kva ein kunde faa sjaa; Djevelen var sterk; og
naar ein ikkje hadde Gud med seg —. Berre det vilde
koma einkvan, so han kunde faa Fylgje!
Der nede laag Tjønni svart og still, mest like inn
under Grave-Nuten; der hadde han blivi, Son til gamle
Presten Juel. Og det var dei som vilde ha høyrt Rop
12
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>