Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sidan... Attum den store Steinen her uppe var det dei
fann henne Berta Aalvestad, ho som fraus ihel. Alltid
kom det for han, at Like maatte sitja der uppe enno ...
— Kva tru han Gunnar staaka med i Kveld? Han
heldt seg vel uppe i lengste Lage. Venta paa han Far
med By- Gotter. Aa ja; du skal nok faa Gotter,
Gunnar-mann. I Morgo, naar du stend upp, so ...
Høyrde han kje noko ? — Høh; gakk no ...
Ja i Morgo skulde det bli Høgtid. Ny Luve skulde
han faa; og ny Kakjesbok med Pave i; og det bese av
alt: Søteple! — Ja, ja; dei skulde faa, Gjenteborni au.
— Tenk, tri Gjenteborn etter kvarandre. Den Guten,
som kom etter henne Serina, han skulde døy. Inga
Velsigning i dette heller. Men Gudskjelov at han Gunnar
tok seg so godt upp... og fekk vera frisk. — Tenk, tie
Aar alt; det vart snart Hjelp i han. — Berre ikkje
hava’n til Avgud. Tukte han; — «den, som hader sitt
Ris, elsker sin Søn» — nei...
Aa nei; han kunde kje halde Tankane samla. Desse
jordiske Ting, som elles so altfor mykje fyllte hans
Hug, no var der kje noko Hjelp i deim heller. Nei, nei.
Utan Gud ingin Fred. I Morgo, so snart han kom i
Ro —; berre til i Morgo vilde nok Vaarherre vente. —
Gud skje Lov; det tok til aa blakre og smaablaase; so
dovna Havbrake. Og so vart her ikkje so hustre og
fælt, til han skulde framum Kyrkja. Saah, Brunka!
— Han kjende seg modigare. Det vart ingin
Domedag i Kveld. Kvi skulde det bli i Kveld meir enn andre
Gongir? Havbrak hadde han daa høyrt so tidt.
Kva var det!? — Han kvakk, so det gjekk Ljosning
for Augo hans. Burt i Bakken, burt-imot Kyrkja, hadde
han høyrt som eit Rop.
Han heldt Merri og lydde. Hjarta hans hamra i
Bringa so han høyrde det. Aa Gudskjelov. Det var
13
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>