- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
14

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Folk. Det høyrdest Kjerre-Rammel. Han drog Anden
djupt og kjende seg so letta og fegin...

Men kva kunde det vera for Slag; var det fulle Folk?
— for det song. Han vart rædd att. Ingen visste kva
ein Fyllefant kunde finne paa.

«Klippens Top, som Granen bær,
munter Sjælens Tilflugt ær,» —

song det, og Kjerra kom ramlande beint imot han i
fullt Traav. Berre stille seg’ til Sides og koma fort
framum...

— «Kva-slag Fa’n, er det Folk?» ropa eit høgt, djervt
Maal. Jamenn var det han Napolon Storbrekke.

Det kulsa i Enok av den fæle Banningi; tenk ropa
paa den Vonde i Kveld. «Er det du som er ute so
seint?» spurde han spakmælt.

«Jagu er det eg!» skreik Napolon; «i Myrkno trivst
Trolli best. Kjem du fraa Byn, Enok?»

«Ja—a. Eg hev vori der inne so snaraste.»

«Og eg skal der inn so snaraste; no kann du fortelja
meg um der er noko aa gjera. Det er vel Skit som det
plar vera, veit eg?»

Enok fortalde; Napolon sat og banna. «Nei so
pinedø!» «Nei no skin det av!» «Nei men hev du høyrt
slik Sattan?» — Daa Enok slutta med det vanlege: «det
ser smaatt ut», sette Napolon i so det small, at han
vilde til Amerika.

Ja det vilde han. Fara fraa Garden og heile Smelta
og beint Fa’n i Vald til Amerika. For neigu um her
snart var livande for skikkelegt Folk! «Det sa eg til
Lensmannen paa Aase au; — eg var innum der i Kveld;
han skjenkte meg endaa ein Dram eller tvo; grei Kar,
Lensmann Aase! — prrr, vil du staa! — Ja det sa eg.
Men veit du kva han svara? Skulde slike Folk fara til

14

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free