- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
15

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Amerika, sa han, kven skulde verte verande heime daa?
Me fær heller sjaa, sa han, um me kann kje faa skipa
ut noko av all Fanten, Napolon, sa han; — men skal
det halde paa paa denne Maaten, so vert det peinadø
Fant altihop; ja det vert det; no banna Napolon
Salomonsen Storbrekke!» —

«Ja eg tykkjer du skulde kje banna so mykje,
Napolon,» tok Enok stilt i. Men den andre høyrde det ikkje.

«Prrr! vil du staa! — Ja, det er som eg seier — statt
din Sattan! — kann du gissa, kva eg betalar i Skatt no ?
Gissa, Enok! — Ja dei snakkar alltid um den stakkars
Stampo eg hev sett upp ... liksom det var anna enn den
Stampo! Hadde eg kje den, so var det kje anna enn
klinkande Fant med meg; neigu var det ei! — Fem
Dalar, min Far! Ja du trur det kje du; men eg skal
banna paa det so dyrt du vil; — fem blanke Spesiedalar,
Far, og endaa tvo Skjeling! So kann du kje undrast
paa at det ber til Fant. No laante eg i Banken ifjor;
so no hev eg Rentur og Avdrag attpaa; og betalar eg
kje paa Dagen, so kjem Sakføraren som ein Skrubb...
Nei eg held med han Torkjell Tutling eg, han Torkjell
Tualand skulde eg seia; me fær peinadø berre ta Børsa
og jaga dei! heile Smelta! Hell au ét dei oss levande
upp! Ja det gjer dei. Dersom me ikkje vil gjera som
han Per Rudlevig daa! — han stel seg fram, han, og
greider det paa den Maaten; ja-ja, det er ein Maate, det
au! — prrr! — Men det er kje min Maate, ser du. Ja
no kann du gaa daa, ditt Braffebeist; — trur du eg
kann faa denne Merri til aa staa still daa! —
Godkvelden Enok!» — Han ramla i Veg att.

«Klippens Top ...

Prrr! Enok!!!»

«Ja!»

15

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free