Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Du skal vel i Bryllaupe hjaa han Helge?»
–«Ja... eg fær vel det.»
«So treffest me der daa. Godnatt!»
«Klippens Top, som Granen––» —
— Enok rusla i Veg paa sin Kant.
Ja s jaa der, s jaa der! Var det kje Merakkel med den
Djevelen. Alltid fann han paa noko. Alltid fekk han
det so til, at der kom noko i Vegen.
No kunde kje Enok umvende seg, fyrr han hadde vore
i det Bryllaupe.
in.
Ljos var innsette paa dei lange Bordi i
Bryllaups-stogo; for det var alt Kveld.
Ved den nedre Bordenden sat det ein Flokk eldre
Mennar med Kritpipur og Ølkrus i koselegt Drøs; lenger
uppe sat eit anna Lag og spéla Kort; men uti Bui gjekk
Dansen med Feleskratt og Rop og Braak og Staak, so
det song gjenom Huse. Helge Hove heldt Bryllaup for
yngste Dotter si; og so laut det vera eit Lag, som kunde
baade høyrast og spyrjast.
Øle var sterkt og godt, og det fløymde med
Brennevin; Nils Ramstad spéla, og alt var paa si Høgd. Heile
Grannelage var bedi, og Skyldfolk og Kjenningar; og
Huse stima fullt av ein glad Svarm, som lova seg tri
sutalause Dagar.
Enok var næmaste Grannen og kunde kje anna enn
vera med; men han lika seg ikkje. Han sat inni Stova
med dei gamle og høyrde paa Staake, og totte han var i
ein Sattans Synagoge. Der var sjeldan ein Smil aa sjaa
paa Andlite hans; og dei graae Augo var uglade. Han
Bui: Bestestova.
16
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>