Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
stundom kunde ein mest tru det var noko godt; men so
kom Djevlearti: Lokking og Laatt, Hildring og Vildring,
Helvites Magt som drog Sjæli i Ørske burt ifraa Gud
og inn i Synd og Vellyst og æveleg Anger.
— «Her hjelper ingen verdslig Magt!» staaka
Napo-lon Storbrekke uppi Kortlage; han slog i Borde so det
small. «Her er Majestæten sjølv; kom so med
Drammen!» — Banning og Laatt. «Skaal Kjeften min; eg
veit du likar det!» Napolon drakk. So reiste han seg
og gjekk fram. «No hev eg vunni so lengi at eg er lei
av det,» sa han. Han var alt noko paa ’n; dei smaae
blaakalde Rovfugl-Augo stirde; det lyste av
Krok-nasen; og heile det skarpe, storbygde Andlite var raudt
og heitt. «D’er kje noko Hugnad aa spela med dykk,»
kytte han; «det er som eg skulde spéla med Ungane.
Er de kje likare Karar, so neigu um de skulde bjoa til
med han Napolon Storbrekke! — Koss gjeng det her?»
helsa han paa dei gamle; «— ja kva seier no de um
denne Ungdomen som veks upp ? — Peinadø um eg vilde
reisa meg upp for dei, um eg so sat paa ei Rullehorv!
Ikkje kann dei dansa og ikkje kann dei drikka, og ikkje
kann dei spéla Kort og ikkje kann dei slaast; kann der
verta noko Liv i eit Bryllaupslag paa den Maaten?» —
Dundiande Laatt.
Napolon fekk 01; sette seg so til aa skrøyte. Det
gjekk med Sogur fraa den Tidi daa han handla med
Kretur. Den eine Rispa kom galnare enn den andre,
helst um kor godt han hadde snytt denne Skarven og
Hestehandlaren Per Rudlevig. «Jagu fortente han det
han fekk; kann eg lura han eingong til, skal eg gjera
det; ja det skal eg. Skulde ein kje lura ein Kjeltring,
naar ein kann koma til? Jau det gjer no eg. Eg veit
kje, kva dé tykkjer!»
«Eg tykkjer du er strid med han Per Rudlevig eg,»
18
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>