Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sa Enok aal vorsam. «Eg er rædd at naar du tenkjer
deg um, so kann du og ha dine Lyte.»
«Det var peinadø eit sant Ord, Enok! Skaal, min
gamle Ven og Lesarkamerat; du er grei, du, som ikkje
stikk noko under Stolen. — Aa ja. Eg seier som eg
plar seia. Han Per Rudlevig putlar og stél, og eg putlar
og drikk; kjem han Per Rudlevig til Himmerik, so kjem
eg der au; ja det gjer eg.»
Det vant slik Laatt, at Enok ikkje vart høyrd med
sine Aalvorsord. —
Um han ikkje snart kunde gange no, tru? — Her sat
han i Syndar Lag og i Spottar Sæte, drakk med dei
ugudelege og høyrde paa stygt Snakk; um han vart
burtkalla i Natt, so vilde han vera ille fyribudd. Han
kjende seg reint som tilsulka av Syndi rundt ikring seg.
Aa høyre og sjaa paa slikt og ikkje hindre det, det var
aa gjera seg «delagtig i fremmede Synder»–
–«Jamenn fær du smaka paa Øle, Enok; eg trur
det skal vera godt!»
Det var han Helge sjølv som kom, Far aat Bruri. Han
hadde ein liten Lette, men ikkje meir enn rimelegt; no
sette han seg hjaa han Enok og gav seg i Drøs. «Idag
gifter eg burt den siste av Døtrane mine, so eg kjem
kje til aa beda deg til Bryllaupa meir eg,» sa han. «Og
me hev alltid vori gode Grannar me, so du ska gjera
litegrand Æra paa meg denne Gongen. Og henne Berta
Maria, hu som Brur er, henne hev du no kjent fraa ho
var lito. No drikk eg deg til, Enok, og no skal du
drikka ut; det er vel kje noko du er tykk jen fyre, med
di du sit her so uhugleg?»
«Nei, nei!» braadde Enok i; han drakk. Det var nok
gali av han, dette; han for visst reint ufolkelegt aat.
Naar ein var ute, so fekk ein vera som hitt Folke; dei
kunde taka det gali upp, um han sat her som ein Syte-
19
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>