- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
20

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

krok. Helge var ein godsleg, snild Mann, som Enok
lika godt; bein og grei hadde han alltid vori. Og um
han var glad i Dag, og gjerne vilde sjaa andre glade
med seg, det var kje meir enn ventande. «Drikk ut no,»
sa Helge, «so skal du faa noko friskt; det smakar alltid
best med same det kjem or Tunno.»

Dei tvo Grannane sette seg til og samrødde. Enok
maatte vise at han ikkje var tykkin; han fylgdest med
Helge baade i Drykk og Drøs. Rett som det var kom
Brudgomen. Han hadde Flaske og Glas og skjenkte
ein Dram.

«No skal du sandeleg drikka med meg au, Enok, paa
min Hædersdag! — Du hugsar vel, at eg hev gjengi i
Skule for deg? — Du hev vore so fin paa det i Dag og
aldri vilja havt noko; men du fær daa gjera so mykje
Æra paa baade meg og Varune vaare, at du smakar
litegrand paa det vesle me hev. No drikk eg deg til;
Skaal Enok!»

Ja der var kje Raad med det; Enok smaka paa
Drammen. Og han slapp kje med det; han maatte
drikke or. Brudgomen var so reint svært hyggjeleg og
snild; og so var det no kje verre; ein tolde alltid ein
Dram. Han rødde eit Bil med Brudgomen um gamle
Dagar; sette seg no til att med han Helge. «Det er
visst ein gild Mann, Dotter di fær,» sa Enok. «Ja eg
trur kje han er so galen,» sa Helge. «Og Garden er kje
kleinare enn eg tenkjer han greider seg.»

Det var som Enok med ein Gong fekk dei tunge
Tankane fraa seg. Han saag seg um med friare Augo;
og her var kje so fælt heller. Noko Umvending vart
det no kje av i Kveld kor som var, so han kunde likso
godt vera med so lengi. Vaarherre kunde vel kje hava
noko større imot at han sat her i eit vanlegt folkelegt
Drøs utan baade Banning og anna stygt. Han saag

20

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free