- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
21

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

korleis det var, og at han ikkje vel kunde fara annarleis
aat enn han gjorde. Um ein synda eitgrand meir eller
mindre, det var no slik Slag au, so lengi ein ikkje var
umvend. Øle var og ei Guds Gaave; og han Helge var
ein hyggjeleg Mann. Berre agte seg, so ein passa
Maaten...

Smaatt um senn glødde det upp i Augo hans, og den
bleike, klaare Panna vart liksom varmare. Ho Anna var
i Døri eingong og kikka inn; ho vart reint glad av aa
sjaa Mannen sin som anna Folk. Han hadde vori so
underleg i den siste Tidi, at ho stundom ikkje hadde
visst kva ho skulde tenkje.

Enok Hove var ein Mann paa ikring firti. Han saag
godt ut. Andlite var klaart og klokt med store reine
Drag; det vart godslegt og mest barnslegt naar han lo;
og han tok seg daa gjerne um Hoka med den eine
Handi. Haare hans var so svart, at det mest blaana i
det; Luggen vilde gjerne fram i Panna. Fraa Øyro ned
under Hoka vaks eit tett, brunraudt Skjeggeband, som
saman med det svarte Haare lagde liksom ei Raame um
det opne, aalvorsame Andlite. Han var i blaa Klædes
Rundtrøye og svart Overlastings Vest; um Halsen med
den kvitstrokne Halsskjorta hadde han eit svart
Silkeplagg med fin Knute, Snippane stukne godt innunder
Vesten. Med sitt strenge myrke Hovud paa dei faste,
velbygde Aksline saag han annarleis ut enn dei andre,
mest framandsleg; det var mange som totte at det
liksom fylgde ein Kaldhjelm med han.

–Rart med slik ein Dram. Han vermde og gjorde

godt; no kjende kje Enok det Slag av denne Otten for
Bringa. Ein Dram var kje noko gali; det var, naar det
kom fleire ...

Underlegt med det, at alt som var gali, det skulde
vera so kjært for Kjøt og Blod. Godt Lag og god Drykk

21

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free