Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og Felelaat og Sus og Dus... Øienslyst, Kjødslyst og
eit overdaadigt Levnet... det var nok so han vilde ha
det, den gamle Adam.
Napolon var alt so full at han song:
«Kan det vel være, at hele Landet
var bedre tjænt, om man blot drak Vandet?
— Nei!
Saa skjenk i Glasset....»
Stakkars Napolon; altid skulde han hengje so uti
dette Brennevine.
Fela var det som drog mest. Det var ein Laat og ein
Ljom som gjekk so reint forunderleg til Hjarta, ein
Undertone liksom, ein Medklang, noko som ikkje kunde
koma berre fraa Strengine ... var det Djevelen, det ?
Dei var kje beint fram lettlynde heller, desse Tonane;
likso snart kunde ein kalle deim tunglynde; det var ei
underleg Blanding av Glede og Graat, ør, heiltupp
tryllande. Og der fylgde so mange Minne med, slikt som
ein helst skulde gløyme; heile Ungdomslive; dei kunde
berre klunke paa Fela, so song det upp um gamle, galne
Ting, Innbillningar og Paafynster i Ungdoms Dagar...
i den Tidi daa han sjølv dansa og tumla og för med
Gjentef jas ... berre so smaatt daa. Han hugsa so vel
dette Bryllaupe paa Ramstad, der ho var med, denne —
som dei hadde erta han so for ei Tid... greid Gjente,
ikkje for det; men —. Berre Armod og Vesalldom; so
det kunde kje verte noko. Men ei hamsleg, gild Gjente.
Og dei dansa og fjasa; var endaa burti Løo ... aa du
Ungdoms Daarskap og Tankeløyse. Det var kje noko
aa tenkje paa no; det var burte og gløymt, som vel var;
det var berre denne Fela. «Han er god til aa spéla,
han Nils!» — «Ja, han er det. Han er rigtigt god til
aa spéla. Det er han.» — Dei vart so fagre dei gamle
22
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>