- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
28

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Hev det hendt noko?» — «Her i Bygdi?»

«Ja, Gud bær’ oss, det hev nok det. Ikkje lenger
burte enn paa Storbrekke.»

«Gud hjelpe oss,» sukka Enok; det var som det kvakk
i han.

«Nei kva er tids der?» «Er der nokon sjuk kanskje?»

«Aa,» sukka Per; «det er nok endaa verre. Det er
han Napolon, som —; ja det er so at det er mest vondt
aa fortelja det.»

«Naa?» —

«Du veit, han som gjekk her og gruste so svært i
dette Bryllaupe —»

«Ja??»

«Ja no er han ... farin herifraa.»

Det gjekk som ein Skugge gjenom Stova.

«Nei men i Jøssu Nam!» — «Han Napolon?!»

«Ja. Han vart burtrivin ved ein hastig Dø i Dag
Klokka halv elleve.»

«Aa Herre Jesus.» — «Kva er det du seier.» —
«Kors i Jessu Namn.»

Stive og stille sat dei der med kvitnande Aasyn og
skræmde Augo; det kom so tungt yvi deim at dei mest
ikkje torde draga Pusten.

«Nei men kann det vera sant.» — «Nei men korleis
kann daa det vera tilgjengi.»

«Aa jau dessverre; det er nok sant. Eg veit kje
korleis det er; men eg hev det liksom paa meg, at han
Napolon var... lite budd til aa døy no. — Eg hev
aldri høyrt noko som hev gjengi so innpaa meg som
dette.»

«Men korleis bar det til?»

«Aa, det gjekk so svært fort. Hans Lars, Drengjen
min, kom derifraa nettupp no; — han skulde upp med
noko Eple som eg hadde laant av han Napolon i Vaar;

28

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free