Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— og just daa han kom der upp, heldt dei paa aa
bu Like.»
Det tok til aa skümast. Vinden ute susa og saug,
taut i Skorsteinen og slog i Dørine; dei fælte der dei
sat, og drog seg ihop.
«–Herre, lær oss at tælle vaare Dagar, at me
maa bekoma Visdom i Hjertet,» mulla Enok; han hadde
vorti graa i Andlite.
«Gjekk det til med noko Uhende,» spurde han Hans;
«slog han seg til Meins, eller —?»
«Nei, slettikkje. Det var berre noko som kom yvi
han. Og so reint braatt som det kom. Han gjekk og
var liksom noko utidug etter dette Bryllaupe; men i
Dag hadde han funni paa det at han vilde til Byn.
Anten han kjende seg sjuk og vilde til Doktaren eller
kva det var; nok av det: han tok Dreng jen med seg og
vilde sko Merri. Men som dei stod utanfor Stalldøri og
bala med dette... Merri var endaa noko uroleg av seg
og vilde kje staa still... so visste dei kje Ord av, fyrr
han datt aalveltes. Og Live var nok slokna med ein
Gong. Dei høyrde berre som det rikta eller lét i han
litegrand; men han rørde seg kje meir; og daa dei
skulde sjaa etter kva som tids var, — daa var der kje
meir aa gjera.»
«Aa Jøssu Namn.»
«So skræmeleg braadt.»
«Aa nei, aa nei.»
Ei ny Togn gjekk gjenom Stova. Vesle Gunnar klengde
seg inn til Far sin og jamra; han var rædd. Ho Serina
gøymde seg i Fange til Mor si.
«Gud fri oss fraa ein hastig, uforvarande og bratt
Død!» bad Enok; «Gud straff oss ikkje i din Vrede, og
tukt oss ikkje i din Hastighed!»
Det svara med Sukk rundt ikring.
29
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>