Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Per sat bøygd med Aalbogane mot Knéi og Hendane
ihoplagde. «Det er vel Ein, som hev ei Meining med
det,» sa han. «Men jamenn var dette eit tungt
Hende.»
«Meiningi ser me,» svara Enok. «’Han bruger snart
Lidelser, snart Velgjerninger, og snart andres Exempel,
som kan føre Mennesket til Eftertanke’... maatte me
no agta aalvorlegt paa dette Kalle. Me veit kje naar
Timen kan slaa, nokon av oss.»
«Det var nok sant,» mulla det rundt Stogo i den
kaldgraae Kvelden.
— Vinden der ute taut og braut, ylte i Skorsteinen
og reiv i Dørine. Myrkre auka paa; Verdi stengdest.
Dauden stod paa Lur i kvar Kraa; ingin kunde vita
kven han næste Gong tok ut; snart kunde der vera eit
Lik aa bu her i Huse med... «Eg er rædd, Far,» sutra
han Gunnar.
«I Kveld gjekk eg kje aat Fjose aaleine um det galdt
Live mitt!» sa ho Marta kulsande.
V.
Enok gjekk beint aat Stallen. Der kraup han uppi
Baasen til den brune Merri og lagde seg til og bad.
Gud hadde tala Aalvor no; ein fekk sjaa aa faa det
avgjort. For smaatt og for veikt hadde han i desse
Dagane banka paa Naadens Dør. Det galdt aa brüka
Magt. Trengje seg inn. Det kunde snart vera stengt;
— han hadde sjølv vori full i dette Bryllaupe.
Han bad um Anger, um rett, sann Anger; tigga og
bad. Han var nok i Sjælenaud. Men det var berre
Rædsla for Guds Dom. Og den hjelpte kje stort.
Rædsla hadde Judas og havt; Rædsla havde sjølve
30
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>