Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Djevelen. Angeren, Angeren var det som maatte vakne,
den djupe Hjartesorg, at han hadde gjort Gud imot.
«Aa Gud, skap eit nytt Hjarta i meg!» —
Og han rota og grov i sitt framfarne Liv etter Synd;
prøvde si Ferd etter Guds Bod og fann, at han hadde
broti deim alle. Og det ikkje ein Gong eller sju Gongir,
men kvar Time og Stund, gjenom heile sitt Liv, i
Vrangskap eller Veikleik, i Tankar og Gjerningar.
Kunde der vera ein verre Avgudsdyrkar enn han?
Avgudar hadde han havt, fleire enn han kunde minnast
og upprekna. Men den han hadde dyrka mest og lengst,
var Mammon. Det var Jordi, han hadde sett Hjarta sitt
til. Jordi beintfram; Garden hadde vori hans Eitt og
Alt, hans Elsk og stendige Tanke. Utan den hadde han
kje visst korkje godt eller gildt; like ved den hadde han
kje havt Lyst til noko paa Jordi. Den hadde han tenkt
paa i Ungdomen; daa han vart Skulemeistar var det kje
av di han vilde lære Ungdomen Gudsord; det var berre
dei tjuge Dalane um Aare han tenkte paa, so han kunde
tene noko til Gardsdrifti. Samstundes hadde han handla
med Smale, snytt til seg Peng’ar baade ved Lygn og
List — Synd mot det sjuande Bud —; og daa det
drygde noko lengi fyrr han fekk taka imot, hadde han,
Gud hjelpe oss, halvt um halvt ynskt Helsa av sin eigin
Far — Synd mot det fjorde og femte Bud —, berre av
Elsk til denne Garden. Og sidan hadde han broti og
baska og bygt og grust og ikkje havt ein Tanke utanum
dette Mammonstræve; daa so Litle-Gunnar kom, hadde
han der fengi seg ein ny Avgud, som hadde bundi
Hjarta hans endaa fastare til Verdi; den sanne Gud
hadde han haldi seg ifraa som eitkvart vondt.
Og kor ofte hadde han ikkje misbruka Guds Namn,
vanvyrdt Kviledagen, arga sine Foreldre, ynskt vondt
yvi Næsten; og naar han kom til det sette Bud, kva
31
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>