- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
32

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

skulde han daa segja, og kva skulde han daa forsvara
seg med? Han var kje stort anna enn Gutungen, daa
han tok til med slikt Vas og Fjas; det var baade
skatn-legt og stygt aa tenkje paa; og han elska Syndi og
søkte Syndi, alt til dess Foreldri hans kom under med
det og jaga Kvinnfolke or Tenesta. Og sidan dette med
den andre, som au ei Tid hadde vori Avguden hans, so
han ikkje tenkte paa anna korkje Dag eller Natt; og so
alle dei som han i unge Aar hadde «set paa» til aa
«begjæra dei» ... aa, dei var nok uppskrivne! Ei heil
Myr av Ureinskap laag det her; aa fy aa fy for ein
Syndar han var; ikkje ein rein Flekk fraa Fot-Solen og
inntil Hoved-Issen. Og endaa angra han ikkje; gjekk
berre og skalv for den Straffi, han hadde fortent; «aa
Gud ver meg naadig; aa Gud! ver meg naadig!»

Men alt det han bad, han fekk ikkje noko Svar, inga
Kjenning av, at Gud hadde høyrt han. Hadde han
kann-hende sett ut og og sett ut so lengi no, at Gud ikkje
brydde seg um han lenger? — Nei, nei, han maatte
ha Hjelp!

Han freista aa tenkje paa Guds Kjærleik. Han rekna
upp for seg sjølv alt det gode han hadde fraa Gud: Liv,
Helse, Mat og Drykk, Vit og Forstand, alt det han
trong til Likam og Sjæl; og det endaa han sjølv ikkje
hadde tenkt paa anna enn vondt... Kvar Minutt hadde
han fortent Helvite; men Gud hadde spart han; spart
han og uppehaldi han, vakta og vårt han; ja det som
meir var, han hadde sendt sin eigin Son, at der skulde
vera Frelse for han aa faa, naar han ein Gong vakna
upp. Og han hadde lati han bli fødd i eit kriste Land,
der Vegen til Naadestolen var opin og fri, og hadde
upplyst han med sine Gaavur og stadi med utbreidde
Armar og venta paa han i firti Aar; berre kjærleg t og
godt til Svar paa alt vrangt og alt vondt; han tenkte

32

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free