- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
33

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

seg inn i dette til han totte han var ein Hund og ein
Skarv; men endaa vilde kje Syndegraaten koma.

Han gjekk inn; fekk upp Ljos og sette seg til aa lesa
i Lars Linderoth. Kannhende det der kunde finnast eit
sterkt Ord til aa krasa hans harde Hjarta. Sidan tok
han Johan Arndt, og til slutt Bibelen. Daa det leid til
Sengetid, las han Bøni, den gode gamle Bøni etter
Salme-boki hans Far.

Men han laut leggje seg utan Naade.

Han laag og skalv for Dauden og Hfelvite og fekk
ikkje Svevn; torde kje sova; tenk um Gud kom. Han
bad, ja han mest gret av Angest; men inkje noko Teikn
fekk han, som kunde tyde paa Bønhøyring. Ho Anna
laag og lydde paa han lange Stundir og fælte.

Utimot Morgonen sovna han, men sov urolegt. Han
totte han gjekk paa ein Veg i regnmyrkt Ver. Det var
døyne og tungt i Lufti, og han gjekk med Bringa full
av Otte. Daa saag han ein Mann koma hit yvi ei Hei;
Mannen hadde ei svart Hundskindsluve paa Hovude. Og
i Andlite var han upptrutna og raud. Han stana og
stirde paa Enok, lét upp Munnen og vilde tala, men
kunde ikkje; det vart berre Gauling og Vavl. So vart
han som sjuk og datt ned; der lagde han seg til aa spy;
men det han spydde var berre osende Eldslogen. Daa
stivna Enok av Rædsle; no forstod han, kven det var. —

I slike Draumar kava han alt til dess han stod upp.
Han klædde paa seg som i ei Ørske, gjekk sidan og
vavra ut og inn som han ikkje hadde Fred; kunde kje
koma seg til med noko Arbeid heller. Ho Anna maatte
tala til han tilslutt; «var det kje i Dag, du skulde aat
Kverni og mala?»

Langt um lengi kom han seg av stad. Ho Anna gjekk
etter heime med ein tung Otte for Bringa; Gud hjelpe
og trøyste oss; skulde han Enok koma ut i Gruvlingar?

3 — Garborg IV.

33

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free