- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
34

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Hövegarden laag uppaa øvste Rygningen av ei
Bakkehøgd, som lyfte seg fraa dei vide Flötine i Vest
og Sør som ei rund, roleg Bylgje.

Tri Mann budde paa Garden i laage einhøgdes Hus.
Enok budde vest-lengst; Husi hans var nye og
tjøru-breidde. Bygdevegen strauk mest like framum
Vindaugo hans; paa hi Sida Vegen, rett imot Stoguglasi, var
«Hagen»: nokre gamle Tre, mest Raun, og ei svær,
gamal Selje, som tok av mot Nordvesten.

Nedyvi Bakkedrage, i Sørhalle, laag Bøane, Aakrar
og Vollar og vene Kjelvur, sundbytte med Steingjerde
paa langs og paa tvers. Bøane naadde aat Elvi og
Torv-myri; sunnan-um denne tøygde Ramstadheii seg vid og
svart so langt ein kunde øygne.

Nedyvi Brekkehøgdine i Aust kom Skare-Aai
dragande i kvite Strok med sterk Sus, dreiv Kvernar og
eit Stampeverk og bøygde so i still Straum hit gjenom
Myri heilt innunder Hövebøane. So fylgde ho
Bakkedraget i stor Sving. Her strøymde ho noko meir paa,
sovidt at Hövemennane kunde faa Kvernefall. Enok
hadde sitt Kvernhus langt nordi Utmarki si, ved Enden
av ein Dam, som det maatte ha kosta eit heilt
Sümars-arbeid aa grava.

Der laag han i Dag og turka og mol.

Det var øyde Vér: eit hardt, tungt Regn blanda med
Snøslette. Kvernhuse laag einslegt og hustre til. I
Lyngheii rundt um var smaae, runde Haugar; lenger
nede og nord Heialandsmyri og Heialandsvatne med
sitt stride, lange Sev. Eit Stykkje nedanfor det, midt
paa Flata, laag Heialandsgarden gamall og graa; det
var som han vilde krjupe i Jordi under sine mange laage
Torvtak; der skulde det ha spøkt i gamall Tid, etter ein
Mann som hadde hengt seg. Elles var inkje anna aa
sjaa enn Hei og Myr, Myr og Hei; og so her og der ein

34

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free